Sitemap Nettstedskart Søk
Norsk English

Smittevern


Smittesluse/smittesperre

Når ein har skaffa seg friske dyr, må ein laga rutiner som minskar risikoen for at dei skal bli smitta med nye sjukdommar.
Det er sjuke dyr som er mest smittefarlege. Likevel kan vi få inn smitte med folk og utstyr.

Reduser talet på inngangar så mykje som muleg. Berre ein inngang skal vera open. Set opp skilt ved inngangsdøra og ved beite der det er mykje trafikk av folk.

  • Set opp smittesperre ved inngangsdøra
  • Ha tilgang på reine overtrekksklær og sko
  • Bruk eingongsutstyr
  • Bruk handvask
  • Ta ikkje med ureint utstyr inn i fjøset

Sjå figurane som ei hjelp til planlegging. Det kan gjerast mykje enklare. Det viktigaste er at det er tydeleg skille mellom rein og urein sone. Det er også viktig å kunne skifte til reine klær og sko før ein går inn.

smittesperre

smittesperre 2

Betydning av livdyrutveksling som årsak til smitteoverføring

I norsk geitehald har flytting av dyr mellom buskapar vore ein svært viktig del av avlsarbeidet og i stølsdrifta.

  1. Bukkar blir brukt i fleire buskapar innan bukkeringen, og av og til blir også kje overført til andre buskapar.
  2. Bukkekåringar. Bukkar frå ulike buskapar blir samla og får poeng av dommarar. Desse går ofte frå dyr til dyr og vurderer blant anna tannstilling og kjønnsorgan.
  3. Geiteutstillingar er vanleg i mange deler av landet.
  4. Fellesstølar. To eller fleire buskapar kan bli samla på fjellet kvar sommar. Dei deler same fjøs og mjølkeutstyr og går sjølvsagt på same beite.
  5. Fellesbeite. På mange stølar er det ikkje felles fjøs, men det kan vera felles beite.

Slike samlingar av geiter vil lett føre til spreiing av smittsame sjukdommar. Særleg kan smitta hodyr spreie sjukdom ved kjeing. Då er det mykje utsondringar som kan innehalde CAE-virus, og mjølka kan smitte fleire kje enn geita sine eigne. Det er tydeleg å sjå på dei testane vi har gjort for påvisning av CAE, at der dei har vore restriktive med livdyrkontakt, der er det mykje mindre smittsame sjukdommar, i visse tilfelle finst dei ikkje.

Livdyrutveksling og -kontakt er den viktigaste enkeltfaktoren for spreiing av smittsame sjukdommar. Dette må ikkje førekoma når det føregår smittesanering eller når det er fare for å spreie smittsame sjukdommar.

Kva må gjerast?

Utveksling av bukkar kan ikkje halde fram som før, og i denne tida treng ein nøye planlegging av bruk av bukk for å unngå innavl. Semin er den endelege løysinga på problemet, men inntil vidare er det berre på forsøksstadiet. Dersom ein skal ta inn ein bukk utanfrå, må den koma frå ein frisk buskap, det må vurderast nøye, og den må oppstallast i god avstand frå geitene.

Utstillingar kan ikkje halde fram som før. Det må ikkje vera kroppskontakt mellom dyr frå ulike buskapar. På utstillingar krevst det difor dobbelt gjerde mellom dyr frå ulike buskapar.

Dersom ein skal sanere ein buskap som brukar same støl eller same beite som andre, må alle buskapane sanerast på same tid.