Sitemap Nettstedskart Søk
Norsk English

Snapperutinar

"Snapping" er det svært viktig å kunne utføre rett når ein driv smittesanering for å utrydde CAE, byllesjuke og paratuberkulose. Dersom ein må skifte ut ein gjennomsmitta buskap og det ikkje er nok livdyr å få kjøpt, må ein skaffe seg friske dyr frå eigen buskap. Det gjer ein ved å "snappe" kje/lam.

CAE, byllesjuke og paratuberkulose smittar til vanleg ikkje over morkaka og fosterhinnene. Difor er ikkje fosteret smitta så lenge det er beskytta av fosterhinner. Men når det blir født, blir det utsett for alle desse smittestoffa og kan bli smitta i løpet av kort tid. For å unngå dette kan vi fange kjeet før det når bakken eller golvet. Dette er snapping.

Oppsummering

  • Snapping kan brukast for å skaffe seg frisk buskap
  • Det er nødvendig å vera strengt hygienisk ved snapping og ikkje tillate kontakt mellom kje og smitta dyr eller materiale av noko slag!
  • Utstyr må vera på plass før kjeinga startar.
  • Fjøset der snappinga går føre seg må vera reingjort og rydda før kjeinga tek til.
  • Reingjering av fjøs kan vera nødvendig også seinare i kjeinga.
  • Geitene bør vera inndelte i bingar etter kjeingstidspunkt.
  • Ved hjelp av ultralyd kan ein finne ut kor mange foster ein kan vente, og eventuelt slakte tomme geiter.
  • Dersom det er lang tid mellom kjeingane, kan ein få hormonbehandla geiter etter dag 145 for å få synkronisert fødslane. Dette lettar tilsynet.
  • Kjeet må få råmjølk av ku og deretter fri tilgang på syrna kalvegodt.

Utstyr som trengst ved snapping:

  1. Eingongshanskar - lange og korte - lange er mest aktuelle
  2. Reine handdukar til kvart kje - eller eingongsdukar
  3. Reine pappkasser til å leggja kjea i, eventuelt eingongs isoporkasser
  4. Sko ved dørene som er lette å ta på og av
  5. Overtrekkstøy- samt eingongsklær og sko
  6. Handvask i fjøset, papirhandduk og såpedispensar
  7. Eige rom som mellomstasjon for kjea før dei blir transportert bort (Transitt)
  8. 6 dl kuråmjølk pr kje til fyrste levedøgn, frå fyrste mjølking etter kalving
  9. Flasker som tek minst 2 dl kuråmjølk for fyrste måltid i pappkassa, før transport dersom dei blir ståande ei stund
  10. Varmelamper

Snapping

Snapping, håndkle og pappkasse

Ein må stå klar ved fødselen og trekke kjeet ut, pakke det inn i papir eller eit håndkle og bringe det ut av fjøset så snart råd er. Det må då stå klar ei pappkasse som er tiltenkt berre det eine kjeet. Kjeet må plasserast der og der bør det vera til det er turka. Pappkassa kan stå på eit oppvarma rom utanfor dyrerommet. Det er ikkje tillatt å plukke opp att kje som har kome ned på golvet. Det einaste en kan tillate av kontakt med smitta materiale er at ein streifer litt borti noko på vegen ut av fjøset. Då kan ein turke kjeet, vaske det med lunka såpevatn og dusje det med 1 % Virkon S.

Råmjølk

Råmjølk

I pappkassa må det få det fyrste målet med råmjølk. Det må ikkje vera geiteråmjølk, då den er svært smittefarleg. Difor nyttar vi råmjølk av ku. Det er stilt spørsmål ved om denne er god nok. Ein kan ut frå bildet under sjå at det er svært god effekt av kuråmjølk, berre litt dårlegare enn geiteråmjølk. Ein har då heller ikkje sett negativ effekt på immunforsvaret så langt.

Colostrum

Vi bruker fyrste målet av kua, og kua bør vera over tre år gamal. Kjeet skal ha ca 6 dl før det er gått 15 timar. Deretter skal det over på vanleg mjølk. Det kan vera vanleg kumjølk, eller kalvegodt. Den bør vera syrna og den bør gjevast i automat. Vanleg smokkbøtte er best.