Sitemap Nettstedskart Søk
Norsk English

Smitte etter sanering - fra Bondebladet

Ved utgangen av år 2006 hadde prosjekt Friskare geiter lukkast i å sanere 125 buskapar for alvorlege smittsame sjukdommar. Det er ingen tvil om at ein vil kunne nå målet om å utrydde sjukdommane. Det er heilt nødvendig å halde fram, og farten og styrken i arbeidet må aukast i tida framover. Dette innlegget sto i Bondebladet september 2007.

Ein artikkel i Bondebladet ei tid tilbake har uroa mange geiteprodusentar. Det galdt ein buskap som har opplevd ny smitte med paratuberkulose etter sanering. Ein kan i artikkelen få inntrykk av at det er store sjansar for at ei landsomfattande smittesanering i geitebuskapar vil bli mislukka.

Det er difor nødvendig å prøve å oppklare litt omkring denne smittesaneringa, kvifor det av og til kan oppstå ny smitte i ein sanert buskap og litt om resultata i prosjektet. Det må understrekast at når det kjem ny infeksjon inn i ein sanert buskap, vil det vera ein tung og vanskeleg situasjon for dei som opplever det. Når prosjektet får informasjon om mistanke om ny smitte, vil det difor bli teke svært alvorleg. Prosjektet vil gjera det som er muleg for å finne årsaka og for å fjerne smitten att så snøgt råd er.

Kva er Friskere geiter

Friskere geiter starta i 2001. Det var då godt kjent at det var for mykje sjukdom i geitebuskapane. Friskere geiter har som mål å utrydde CAE, byllesjuke og paratuberkulose. Liknande saneringsopplegg er godt kjent frå utlandet.

CAE: er ein virussjukdom som gjev mange ulike alvorlege symptom. Den er i dei fleste mjølkegeitbuskapane. Det er kanskje den sjukdommen som det er viktigast å bli kvitt.

Byllesjuke: er ein bakteriesjukdom som gjev byllar i lymfeknutar. Den er over det meste av landet. Berre nokre få stader har dei aldri hatt sjukdommen.

Paratuberkulose: er ein alvorleg, smertefull bakteriesjukdom i tarmen. Mot denne sjukdommen er det tvungen vaksinering i 7 fylke i Sør-Noreg. I tillegg har Mattilsynet eit overvakingsprogram som dekkar heile landet.

Det viste seg snøgt etter at prosjektet starta at saneringsopplegget let seg gjennomføre under norske forhold. Det vart mange friske geiter og dei produserer godt. Innan utgangen av 2007 skal 167 buskapar ha gjennomført sanering. Desse buskapane fordeler seg over heile landet. I desse buskapane er det lokale veterinærar som har den daglege oppfølginga. Dersom veterinærane treng hjelp, kontaktar dei prosjektleiinga. På denne måten er det eit omfattande apparat som vil hjelpe der det trengst.

Kor mange buskapar er blitt smitta på nytt?

Ny smitte i sanerte buskapar har hittil skjedd i svært liten grad. Av dei 125 buskapane som er ferdig sanerte, er det fem tilfelle av ny smitte. Det har vore eitt tilfelle med smitte på nytt med CAE. Av 57 buskapar som ligg i område der det blir vaksinert mot paratuberkulose, er det eitt tilfelle med paratuberkulose. Paratuberkulosebakteriane er svært robuste og kan overleve lenge i miljøet, noko som gjer sanering ekstra vanskeleg. Det er til saman tre tilfelle med ny smitte av byllesjuke.

Ein prøver alltid å gjera risikoen for å få inn att sjukdom så liten som råd. Men i saneringsopplegg på andre dyreartar har det skjedd tilbakeslag, og difor er det ikkje rart om det skjer også i dette prosjektet. Det må understrekast at det alltid vil være svært krevjande å utrydda alvorlege, smittsame sjukdommar.

Når det skjer ny smitte, så vil oppfylging i buskapen få høgaste prioritet frå prosjektet. Blir det nødvendig med ny full sanering, må ein søkje prosjektet på nytt, og det er dei same vilkåra for økonomisk støtte som gjeld då som fyrste gongen ein sanerte.

Slik har det gått med desse buskapane

I tilfellet med ny smitte med CAE vart fleire CAE-positive dyr slakta same året. I løpet av dei to siste åra har det ikkje vore nye tilfelle. I tilfella med byllesjuke er det ein friskmeld buskap. Ein buskap vil sanere på nytt til neste år. Den tredje buskapen prøver å bli kvitt smitten ved å slakte dyr med byllar etter kvart som dei blir oppdaga. Den eine buskapen som har fått påvist paratuberkulose er framleis under oppfylging.

Prosjektet har sett inn store ressursar, og ein gjer kva ein kan for å klarleggje årsakene. Veterinærinstituttet har også brukt mykje ressursar. Blant anna er det ein stipendiat som arbeider spesielt med utvikling av testmetodar for paratuberkulose. Dette er eit svært viktig arbeid for å kunne stille ein sikrare diagnose på eit tidlegast mogleg stadium.

Både prosjektleiinga og styringsgruppa meiner det er nødvendig å sanere denne buskapen med paratuberkulose på nytt så snart som mogeleg. Det er ikkje gjennomført enno.

Årsak til ny smitte

Grunnen til at det oppstår sjukdom på nytt kan ofte vera innlysande. Dyra blir smitta gjennom kontakt med andre dyr eller av folk som har smittestoff med seg på klær, utstyr o l. Men nokon gonger kan det vera vanskeleg å finne årsaka. Problemet kan så å seia vera maskert av underliggjande årsaker. Typisk i så måte er vaksinering mot paratuberkulose. Når saneringa er gjennomført, kan det framleis finnast smittestoff på stader som ein ikkje tenkte på som sannsynlege.

Så langt i arbeidet ser det ut til at det hjå dei aller fleste har lukkast å finne og fjerne dei største risikofaktorane. Det låge talet på nysmitta buskapar tydar på det. Det er difor ingen grunn til å tvila på effekten av smittesanering. Det er heilt nødvendig å gjennomføre dette arbeidet, slik at ein kan halde fram med å ha eit framgangsrikt norsk geitehald med friske dyr og produkt av høg kvalitet.