Sitemap Nettstedskart Søk
Norsk English

Prosedyrer ved sanering

Alle kje som skal setjast på til livdyr blir tekne hand om når fødselen er komen i gang, men før dei er født. Når dei vaksne geitene har mjølka ferdig for sesongen, skal dei slaktast. Når geitene er slakta, skal fjøset vaskast, desinfiserast og reparerast.

Snapping og oppdrett av kje

  • Du tek på reine klær og eingongshanskar.
  • Du kan vente til kjeet er på veg ut og fange (”snappe”) det før det kjem ned på underlaget.
  • Dersom fødselen dreg ut i tid, trekker du kjeet ut av fødselsvegen, gjerne før fosterhinna er gått sund.
  • Kjeet blir då pakka inn i papir, handkle eller liknande og turka litt og lagt i ei pappkasse.
  • Pappkassa med kjeet i skal stå i eit eige rom i fjøset, og flyttast over til eit smittefritt fjøs så snart råd er. Pappkassa skal brennast etter bruk og ikkje brukast opp att til eit nytt kje.
  • Kjeet skal ha ca 6 dl råmjølk frå fyrste eller andre målet frå vaksen ku før det er gått 15 timar.
  • Deretter skal kjeet ha fri tilgang på kald, syrna kumjølk eller mjølkeerstatning.
  • Kumjølk kan ikkje brukast der det er fare for smitte av paratuberkulose.
  • I det smittefrie fjøset skal kjea vera til dei kjem ut om våren. Dei skal ikkje ha kontakt med gamle geiter.
  • Kjea skal stå i bingar med maks 10 kje pr binge.
  • Grovfôret og anna fôr må vera sikkert smittefritt.
  • Dersom det blir kjøpt inn kje frå ”friske buskapar”, skal dei kjea også vera her, men i eigne bingar.
  • Dei innkjøpte kjea skal stå i desse bingane til det er teke blodprøve av dei etter at dei er 5 månader gamle, eller til dei kjem ut på beite.
  • Kjea blir para medan dei er i dette fjøset dersom dei gamle geitene ikkje er slakta før paringssesongen tek til.

Tiltak i fjøset, på beite og på stølen

  • Når dei vaksne geitene har mjølka ferdig for sesongen, skal dei slaktast.
  • Når geitene er slakta, skal fjøset vaskast, desinfiserast og reparerast.
  • Når reparasjonane er ferdige, skal fjøset vaskast og desinfiserast på nytt.
  • Fjøset skal så turke i minst 14 dagar, eller så lenge veterinæren synest det er påkreva i kvart enkelt tilfelle.
  • Same prosedyre kan også gjelde på stølen.
  • Det må gjennomførast tiltak utanfor fjøset der geitene har vore mykje. Det kan vera utskifting av jord eller sand, fjerning av slitt gjerde, vask eller måling av fjøsvegg, inngjerding av område det er vanskeleg å få gjort reint.
  • Når fjøset er ferdig turka, kan dei smittefrie kjea setjast inn.
  • Dei drektige kjea kjear i fjøset som no er blitt smittefritt.
  • Kjea skal takast vekk frå dei vaksne så snart råd er, før det er gått eit halvt døgn.
  • Denne generasjonen bør også få råmjølk av ku. Dersom det er vanskeleg å få tak i kuråmjølk, må dei få råmjølk berre frå mor si. (Råmjølk frå geiter som kjear for fyrste gong er ofte dårlegare enn råmjølk frå eldre dyr.)
  • På denne måten går mjølkeproduksjonen som vanleg, men dette året er det berre smittefrie dyr som produserer.