Sitemap Nettstedskart Søk
Norsk English

Kort om dei smittsame sjukdomane

Her kan du lese om dei smittsame sjukdomane som prosjektet "Friskere geiter" har som mål å fjerna frå norske geitebuskapar. I vedlegget kan du lese meir om smittestoffa og smittekjelder.

Dei tre sjukdomane er paratuberkulose, CAE og byllesjuke. Men og andre sjukdomar kan ein bli kvitt når ein gjennomførar ei sanering i buskapen.

Paratuberkulose

Paratuberkulose er ein økonomisk svært viktig tapsbringande sjukdom i mange deler av verda. Årsaka til sjukdommen er ei bakterie som gir ein kronisk infeksjon i tarmen, og i dei fleste tilfelle redusert yting og avmagring som resultat. I Noreg ser det ut til at storfebesetningane har svært lite paratuberkulose, mens sjukdommen er utbreidd i geitmiljøa i Sør- og Vest-Noreg og Telemark.

Enkelte forskningsmiljø er opptekne av ein muleg samanhang mellom Crohn's disease hos menneske og paratuberkulose hos drøvtyggarar. Det er venta aukende fokus på denne samanhangen framover. Bakteriane overlever til ein viss grad pasteurisering og det er difor viktig å halde eit lågt smittepress.

Ei inaktivert (drept) vaksine som er produsert i Spania blir brukt i enkelt område av landet. I Nord-Noreg og deler av Austlandet har ikkje vaksine vore brukt på mange år, men det er nødvendig med god kartlegging for å være sikker på status. Sannsynlegvis vil sanering være langt enklare i desse områda enn i område der paratuberkulose gjev sjukdom. Forsøk med sanering i buskapar med paratuberkulose starta i 2004.

CAE

CAE - viruset er i slektskap med Mædi-visna-virus som angrip sau. CAE gjev fyrst og fremst betennelse i hjerne og ledd. Kliniske symptom er oftast:

  • Leddbetennelse
  • Lammelse
  • Jurbetennelse
  • Lungebetennelse
  • Avmagring
  • Generell mistrivsel

Ei undersøking av tankmjølk i 2003 og 2004 viste at 88% av alle undersøkte besetningar var infiserte med CAE.

Vitskapleg er det etter kvart vist at det er rettare å klassifisera både CAE og Mædi-visna-virus som ei felles gruppe som angriper småfe. Både CAE og Mædi-visna er meldepliktige sjukdommar i fleire land, mens det i Noreg berre er Mædi-visna som er gruppert som B-sjukdom.

Byllesjuke

Byllesjuke er ein bakteriesjukdom som er utbreidd i store deler av landet. Svar på ei spørjeundersøking antydar at over 70% av besetningene er infisert. Bakterien slår seg særleg lett ned i lymfeknutar og lagar byllar der. Sjukdommen kan spreiast med livdyrkontakt. Sjukdommen gjev redusert produksjon, dårligere jurhelse, velferd og levetid. Byllesjuke er tapsbringande fyrst og fremst ved kasseringa av slakt. Den er også i en del tilfelle årsak til store lidingar hos enkeltdyr og er ein utriveleg sjukdom å få i buskapen. Det er ynskjeleg å ta hensyn til denne sjukdommen i eit bekjempingsprogram fordi det vil bety lite ekstra kostnader samtidig som dei praktiske tiltaka vil vera dei same som for paratuberkulose og CAE.

Paratuberkulose og CAE har forholdsvis lang inkubasjonstid og har såleis ei snikande utvikling som ikkje gir utslag i alvorlige symptom før etter lang tid. Fellestrekk for desse sjukdommane er at dei er "usynlege" i den forstand at sjølv om dei i fyrste omgang ikke synest å påføra dyra lidingar og produksjonstap, blir dette resultatet etter ei tid. Dei har også det fellestrekket at dei kan smitte kjeet første levedøgn, CAE gjennom råmjølk, paratuberkulose gjennom avføring frå eldre geiter.

Byllesjuke smittar gjennom bakterier i puss frå byller som er åpna. Eit anna fellestrekk for sjukdommane er at dei ikkje let seg bekjempe uten eit radikalt bekjempingsprogram. Både norske og utanlandske undersøkingar har vist at kontroll med CAE ikke vil lukkast utan at det blir gjennomført radikale tiltak. Desse sjukdommane er svært uheldige i forhold til profileringa av næringa og geiteprodukt i marknaden.

Luftvegsinfeksjonar

I tillegg til desse tre sjukdommane finst det luftvegsinfeksjonar i nesten alle geitebesetningar. Dei er årsak til store helseproblem og fører til dødsfall og kassasjonar på slakteri. Årsakene er ofte ukjente, men sanering har vist å ha effekt på desse sjukdommane også.

Skrapesjuke

Skrapesjuke er ein dødeleg, smittsam sjukdom i sentralnervesystemet hos sau og geit. Sjukdomen har fleire fellestrekk med andre sjukdomar hos dyr (kugalskap) og hos menneske (Creuzfeld Jakob`s sjukdom.) Det finst også ein variant (NOR98) som no ikkje blir rekna som smittsam. Det blir ikkje testa mange dyr kvart år sjølv om det er med i det statlege overvakings- og kontrollprogrammet. Det er restriksjonar på overføring av småfe over fylkesgrensene på grunn av denne sjukdommen.

  • Smittestoffet er eit lite, infeksiøst protein (prion)
  • Frå smitte til sjukdom kan det gå frå 7 månader til 8 år. Mest vanleg er 3-4 år.
  • Sjukdomen har to hovudformer og kan gje nokre av desse symptoma:
    • Kløeform: Dyret klør, viser ekstase når det vert klødd, stygg ull eller ullavfall, gjerne symmetrisk.
    • Nervøs form: Unormal, endra åtferd, som frykt, rastløyse, koordinasjonsvanskar, skjelvingar, overfølsam for lyd, ljos og handtering.

Symptoma kan ofte vera vage, særleg i starten av sjukdomen. Ein sikker diagnose kan berre stillast ved å undersøkje snitt frå hjernen i mikroskop. Det finst enno ikkje gode nok metodar til å stille diagnosen på levande dyr. Skrapesjuke smittar særleg ved lamming, men smitte blir og spreidd ved livdyrhandel og anna kontakt mellom buskapar. Det er ikkje påvist samanheng mellom skrapesjuke og sjukdom hos menneske.

  • Småfebuskapar der skrapesjuke er påvist, vert avliva og destruert.
  • Buskapar som har hatt kontakt med sjuke buskapar, vert bandlagt.

Kjelde: Knut Solem, Mattilsynet