Sitemap Nettstedskart Søk
Norsk English

Friskare geiter i Valdres og Sunnmøre

I denne artikkelen kan du lese om et prosjekt som ble gjennomført i Valdres og på Sunnmøre. Målet var å skaffe kunnskap om hvilke synlige og underliggende sjukdommer som finnes i geitebesetningene. Erfaringer fra dette prosjektet og saneringsarbeid i andre land førte til at prosjektet "Friskere geiter" ble etablert.

Undersøking av sjukdom hjå geit i to praksisområde. Sjukdom utgjer eit stort problem i dagens geitehald. Ved Østlandsmeieriet er det relativt mange geiter som blir erstatta gjennom meieriet si eiga erstatningsordning pga dødsfall og avliving ved sjukdom. Dei fleste av desse geitene har inga sikker diagnose.

Ved arbeid i besetningane av rådgjevarar og veterinærar, syner det seg også at kunnskapen om helsetilstanden til geitene er for liten. Og det er stor spreiing mellom geitene i yting, mjølkekvalitet, veksthastigheit og hald. Det er trong om å få fram meir kunnskap om kva for synlege og underliggjande sjukdomar som faktisk finst i geitebesetningane. Med bakgrunn i dette vart det sett ned lokale prosjektgrupper i Valdres og på Sunnmøre som fekk ansvar for at ei slik registrering kunne gjennomførast.

Materiale og metodar

Arbeidet i prosjektgruppene kom i gang hausten 1999. Eit område på Sunnmøre omfatta 9 besetningar med til saman ca. 900 geiter og i eit område i Valdres var det 8 besetningar med til saman ca. 600 geiter. Registreringane vart i hovudsak gjort i år 2000.

Prosjektet omfatta:

  • Rutinemessig innsending/obduksjon av dyr som døydde av ukjent årsak eller som følgje av kronisk sjukdom.
  • Utvida sjukdomsregistrering på slaktelinja.
  • Registrering av levandevekt og slaktevekt.
  • Dokumentasjon av parasittstatus i besetningane.
  • Helsekortregistrering og registrering av utrangeringsårsak.
  • Blodprøvetaking
  • Miljøregistreringar.

Obduksjon av dyr er gjort ved Institutt for småfeforskning, Sandnes eller ved VI. Oslo.
Ein del dyr er sende inn til Institutt for store dyr på NVH.

Blodprøvene for CAE er analysert med Innotest TM MVV® (Innogenetics N.V. Belgia) ved Mastittlaboratoriet i Molde.

Dei fleste parasittundersøkingane er utført ved Institutt For Småfeforsking Sandnes, men ein del prøver frå Valdres tekne ut i beiteperioden er undersøkt av Nils Leine.

Resultat

Diagnosar på innsende dyr og organ

Diagnoser

Det er særleg luftvegsproblem som går att på dei obduserte dyra. Alle tilfella av verminøs pneumoni skuldast Muellerius capillaris, men i tillegg er det andre endringar i luftvegane og lungene som kan skuldast CAE eller byllesjuke. På 66 lunger tilfeldig uttatt på slaktelina, er det påvist interstitiell pneumoni på 61 (92%) og Muellerius capillaris larver på 53 (80%) av lungene. Det er elles eit gjennomgåande fenomen at det svært sjeldan er berre ei diagnose. Dei fleste obduserte dyra har 3 eller fleire diagnoser. Truleg har desse dyra stått med kronisk sjukdom over lengre tid og pådratt seg mange sekundære lidingar. Det er funne byllesjuke på færre dyr enn ein hadde forventa. Det same finn ein ved sjukdomsregistreringane på slaktelina, der byllesjuke er påvist på 5% av dyra. Ved klinisk undersøking er det påvist byllesjuke i alle besetningane på Sunnmøre. Truleg er dette kronisk infiserte besetningar som har hatt sjukdommen over lengre tid og av den grunn har relativt få dyr med kliniske symptom.

Av 9 mjølkeprøver som vart tekne frå jurkjertlar som var atrofiske og sende til Statens Veterinærmedisinske anstalt i Uppsala og undersøkt for mykoplasma, var alle negative.
Mykoplasmaundersøkingar på lunger med infeksjonar i akutt fase er ikkje blitt gjort på grunn av kostnader ved sending og analyse.

Slakteskrottregistrering

Ved VS sitt anlegg i Ålesund vart det etablert eit system for registrering av sjukdom på slaktelinja. Det blei tatt utgangspunkt i diagnosane som no blir brukt på gris med 3 tilleggskodar: 3 store lungeendringar, 4 vaksinasjonsbyllar og 5 avmagring.
Også registreringane på slaktelina syner at det er sjukdommar knytt til bryst- og brysthóleorgan som dominerer. Uakseptabelt mange dyr har reaksjonar etter paratuberkulosevaksine. Endringar i ledd kan vere vanskeleg å sjå på slakt. Klassifisering av slakt syner at i underkant av 40% av geitene blir klassifiserte som P eller dårlegare. Desse geitene er svært magre, men er likevel ikkje blitt registrert under denne diagnosen.

Prosjektet hadde som mål å få til ei permanent sjukdomsregistrering, men det synte seg at det vart for mykje arbeid både for prosjektleiinga og kontrollveterinærane. Registreringane er derfor avslutta samstundes med avslutninga av prosjektet.

Diagnosekoder

Det er registrert slaktevekter på 287 dyr på Sunnmøre og 249 dyr i Valdres. Når vi ser på vektene til kvar årsklasse for seg, ser vi at det er stor spreiing i vekter innan kvar årsklasse. Det er og registrert store skilnader i slaktevekter mellom besetningane, frå ei snittvekt på 14,9 kg (23 dyr) i ein besetning til ei snittvekt på 20,3 kg.(56 dyr) i ein annan. Det er ingen skilnad på klassifiseringa mellom dei to områda. Heile 60% av dyra er klassifiserte i P+ eller dårlegare. Ser ein på alderen på dyr som er slakta, syner det seg at 58% av dei slakta dyra er 3 år eller yngre. Mange dyr blir såleis utrangerte før dei er utvaksne og nådd topp produksjon.

Vektregistrering og vekter samanlikna med yting

I Valdres vart det gjennomført veging av geitene i ulike stadium av laktasjonen. Over ein periode på 2 år vart det registrert i alt 1252 vekter. Desse vektene vart samanlikna med produksjonsresultat frå TINE. Hovudkonklusjonane er at geitene kjem opp i vaksen vekt 4. leveåret. Det er stor spreiing i vekt innan kvart årskull. På Sunnmøre er det og registrert svært stor skilnad mellom besetningane.

Vekt

Konklusjon vekt - yting

  • Ei høg vårvekt gjev betre yting- fleire kilo feitt, protein og laktose.
  • Ei høg vårvekt gjev litt lågare innhald av feitt, protein og laktose pr liter mjølk.
  • Geiter med høg vårvekt taper meir vekt gjennom beiteperioden.
  • Geiter som reduserer vekta gjennom beiteperioden, har høgare produksjon av kilo feitt protein og laktose, men ingen effekt på prosentinnhaldet.
  • Avlsindeksen er sterkt korrelert med vårvekta på førstegangskjearane.

Parasittundersøkingar

Det er teke mange prøver for parasittundersøking i løpet av prosjektperioden. Prøvene er tekne ut etter innsett om hausten, etter ulik type behandling og utover neste beiteperiode. Lungeorm ser ut til å vere det største problemet. Ein finn lungeorm i mest alle prøvene frå dei vaksne dyra. Frå kjea første beitesesong finn ein dei først ut på sommaren/hausten. Tidlegare har vi sett den store førekomsten av lungeorm i lungene frå innsendt materiale. Ein finn elles lite mage-tarmparasittar både etter innsett og i beiteperiode. Det er påvist ein god del koksidiar også på inneforing, men med stor variasjon mellom besetningane, truleg avhengig av driftsforhold og hygiene. Lus finn ein svært ofte.

Konklusjon parasittar:

  • Lite mage-tarmparasittar på vanleg geitebeite
  • Liten variasjon m.h.p. mage-tarmparasittar mellom besetningane
  • Mykje koksidiar er ein indikasjon på dårleg miljø i kjebingane
  • Lungeorm er eit stort problem
  • Lus er svært utbreidd

CAE-undersøkingar

Det vart undersøkt for CAE på 532 geiter og 37 sauer i Valdres og på 830 geiter på Sunnmøre. Det synte seg at det var ein stor overvekt av CAE-seropositive geiter i alle besetningane med ein variasjon i prevalens frå 48% til 97%. På Sunnmøre var prevalensen for alle dyra 95%. På dei 37 sauene frå 2 ulike besetningar i Valdres var det og ein overvekt av positive dyr, medan den eine sauebuskapen på Sunnmøre var negativ og den andre hadde to positive dyr. At ein også har positive sauer, må det takast omsyn til når ein skal starte opp med smittesanering.

Utrangering

Gjennom heile prosjektperioden vart utrangeringsårsak notert ned på eige skjema. I tillegg til kodane brukt i geitekontrollen, skulle brukarane notere ned symptom dersom sjukdom var årsak til død eller utrangering. Dårleg fruktbarheit var viktigaste utrangeringsårsak. Dette var dyr som ikkje tok kje, aborterte eller var tomme ved forventa kjeing. Mest like viktig som utrangeringsårsak var død/mista, oftast som følgje av kronisk sjukdom.

Frekvens

Som det går fram av figuren, er sjukdom viktigaste utrangeringsårsak med heile 50%. Ein får ikkje den effekten av påsett og avl som ein gjerne vil ha når så mange dyr går ut på grunn av sjukdom. Som vi såg av slakteregistreringane, vart også mange dyr sjalta ut svært unge. Denne store utskiftinga av dyr fører til stort påsett med for mange dyr i fjøset og dermed blir miljøet både i kjebingane og hjå dei vaksne geitene for dårleg.

Klimavurdering av fjøs

I Valdres vart det gjort ein del miljøregistreringar i ulike fjøsmiljø. Ventilasjon og ventilasjonsbehov vart undersøkt spesielt. Vi fann at 6 av 7 fjøs har stor underkapasitet av vifta. Dersom vi skulle auka viftekapasiteten til det anbefalte, ville det bli kraftig trekk i fjøset. Altså er romvolumet gjennomgåande altfor lite til så mange dyr som det er i dei fleste geitefjøs. Ein finn også ofte særskilte forhold som kan hindre fordeling av luft i fjøset, for eksempel bjelkar, tett og høg innreiing, hjørne, vinklar osv. Klima og oppstalling av kje bør vurderast spesielt.

Oppsummering og framtidsutsikter

Luftvegssjukdommar er eit av dei største problema hjå norske geiter. Sjølv om CAE, lungeorm og byllesjuke truleg er primærårsak til mange av desse problema, vil for mange dyr i fjøset, dårleg klima og ventilasjon vere viktige faktorar.

Levandevekter og slaktevekter viser stor variasjon mellom besetningane og mellom enkeltindivid. Den tydeleg variasjonen innan kvar aldersgruppe kan skuldast sjukdom.
Ofte ser ein dyr med stort vekttap gjennom laktasjonen. Den store variasjonen mellom besetningar kan skuldast ulik fôring. Det er viktig å fôre slik at dyra er i godt hald ved kjeing. Fôringa gjennom laktasjon må vere slik at vekttapet i innefôringstida blir lågast råd. Godt hald ved beiteslepp sikrar høgast produksjon og god mjølkekvalitet i beitesesongen. Appetittfôring av grovfôr og rett bruk av kraftfôr sikrar dette.

Mage-tarmparasittar ser ut til å vere eit lite problem i geitehaldet. Dette på grunn av geita sine beitevanar og dei relativt store areala dyra beiter på. Det ser ikkje ut til at problema er større i besetningar der dyra går på fellesbeite. Lungeorm er eit stort problem. Parasittbehandling bør taka sikte på å avgrense dette problemet. Behandling med parasittmiddel vil ikkje drepe alle lungeomlarver. Parasittbehandling må kombinerast med beitetiltak for å redusere problemet. Behandling mot koksidiose må vurderast ved utriveleg kje om våren. Regelmessig lusebehandling er nødvendig.

Eit viktig tiltak for betre helse i geitepopulasjonen er sanering av CAE, paratuberkulose og byllesjuke. Her er vi så heldige at vi kan hauste av erfaringar frå andre land. CAE finn vi særleg i land med intensiv mjølkeproduksjon. Både Frankrike, Sveits og Sverige har hatt store vanskar med denne sjukdommen. I Sveits har dei gjennom sanering lukkast å redusere prevalensen av seropositive geiter frå 85% i 1984 til ca 0,6% i dag. Frankrike har gjort det på ein annan måte, og har ikkje greidd å redusere talet på sero-positive like mykje. Der har dei inntil vidare gitt opp å bli kvitt CAE. Erfaring med sanering for byllesjuke og paratuberkulose er det lite av. Men der dei har sanert for CAE, ser dei svært lite byllar på geitene.

Dei gode resultata dei kan vise til mellom anna i Sveits og Sverige, har ført til at Helsetjenesten for geit har engasjert seg i eit 6-årig smittesaneringsprosjekt som vart starta hausten 2001. Det er gjennom jordbruksforhandlingane løyvd 3,333 mill. kroner fyrste året, og det har i utgangspunktet ei total kostnads-ramme på 11 mill. kroner.
Pengane blir kanalisert gjennom Tiltaksfondet for småfe og fjørfe. Det er TINE som står for utbetalingane til dei ulike aktørane. Helsetjenesten for geit er styringsgruppe for prosjektet. Det er engasjert ein prosjektleiar som har med seg ei prosjektgruppe. Medlemene i denne gruppa er geiterådgjevarar i TINE, representantar frå Veterinærinstituttet og Mastittlaboratoriet i Molde, Statens Dyrehelsetilsyn og veterinærar som er særleg involvert i prosjektet, til saman 9 personar pr i dag. Pr 1/1/2002 er 22 besetningar tekne ut til å vera med i dette prosjektet fyrste året.

Referansar

Holstad, G., 1986. Corynebacterium psudotuberculosis infection in goats I. Evaluation of two serological diagnostic tests. Acta vet. Scand. 27, side 575-583.

Baalsrud, Karen J. 1987. Atrophic rhinitis in goats in Norway The Veterinary Record 121, side 350-353.

Djønne, B., Fredriksen B., Nyberg, O., Sigurðardóttir, Ò. M., Tharaldsen, J., 2001. National bovine paratuberculosis program in Norway. Bulletin of the International Dairy Federation.

Nord, Kjersti, 1996. Caprin Artritt-encefalitt virus infeksjon hos geit. Forekomst i Norge, bekjempelse og sammenheng med melkeproduksjonsparametre. Forskningsoppgave for graden doctor scientiarum ved Norges Veterinærhøgskole.