Sitemap Nettstedskart Søk
Norsk English

Paratuberkulose - ei oversikt

Paratuberkulose er ein smittsam bakteriesjukdom i tarmen. Den er godt kjent mange stader i Noreg, og på Vestlandet har den mellom anna gått under namnet "turkesjuke". Sjukdommen kan opptre i mange dyrearter, men mest vanleg i drøvtyggjarar, og særleg i storfe. I Noreg er det mest vanleg å finne sjukdommen i geit, men den er også påvist i sau.

Paratuberkulose vart fyrst beskriven hjå storfe av ein tysk vitenskapsmann i 1895. Hjå geit vart den fyrst beskriven i 1916. Det er etter det vi i dag kjenner til svært lite paratuberkulose i storfe i Noreg, i motsetning til situasjonen i mange andre land.

Årsak

Bakterien som er årsak til paratuberkulose heiter Mycobacterium avium subspecies paratuberculosis. Det er ein slektning av tuberkulosebakterien. Bakterien kan ikkje formeire seg utanfor dyr. Den er avhengig av mykobaktin, som er ein kjemisk substans som trengst for transport av jern. Den treng jern frå dyreceller for å formeire seg. Dette får den oftast frå immunceller som heiter makrofagar.

Kva skil M. paratuberculosis frå andre mykobakteriar:

  1. Behov for mykobaktin for dyrking i laboratoriet. Dette er nødvendig for formeiring, og dei fleste andre mykobakteriar produserer det sjølve.
  2. Svært seinvekst. Det er den mykobakterien som veks seinast i laboratoriet. Prøver må dyrkast i minst 4 månader.
  3. Ein finn eit genetisk element i kromsosma til bakterien som heiter IS900. Dette kan påvisast ved PCR-teknikk.

Det er ikkje fastslått sikkert om bakterien kan formeire seg i andre typar organismar, men bakterien kan overleve fleire år ute i naturen. Kor lenge kjem an på lokale tilhøve som varme, kulde, turke, "innpakking" i gjørme, møkk osv.

  • Kalkingav jorda har i ett forsøk vist sterk reduksjon i talet på bakteriar. Men i andre undersøkingar er det vist at sur jord reduserer bakterietalet.
  • Virkning av komposteringer ikkje sikker, men ein trur at det vil ha god effekt for å få til reduksjon i bakterietal.
  • Nedpløyinghindrar møkk i å koma inn i gras som blir hausta, men kan forlenge livet til bakteriane.
  • Gyllesom blir lagra ei tid utan tilgang på oksygen kan gje rask nedgang i bakterietal.
  • Utturking og sollys virkar negativt på bakteriane, men UV-lys er ikkje effektivt som desinfeksjonsmiddel.

Korleis smittar det

Den typiske måten å få paratuberkulose inn i buskapen på er å kjøpe inn smitta geit. Det kan vise seg i form av sjuke eller svekka dyr fyrst etter fleire år. Geiter får i seg bakterien ved å eta smitta for. Det kan koma møkk frå smitta geiter ut på fôrbrettet eller opp i drikkekar. Møkka kan blande seg med silo eller høy på fôrbrettet.

Det er særleg unge dyr under 6 månader som er mottakelege, men svekka eldre dyr kan også bli smitta. Kje får i seg smitten ved å suge på spenar som er tilsøla med møkk, eller dei kan sleikje og eta på møkk i bingen. Mjølka kan også bli kontaminert av møkk i fjøset. Det er berre i spesielle tilfelle at geiter kan skilje ut bakteriar i mjølk. Det er truleg helst i siste stadium av sjukdommen.

Vaksinering vil ikkje hindre smitte, men dempar sjukdomsutvikling og bakterieutskiljing. Dersom geitene blir vaksinert og ein også har god fôring, er det ikkje sikkert at ein ser symptom på sjukdommen. Dersom ein sluttar å vaksinere utan å setja inn andre tiltak, kan ein få geiter med symptom på paratuberkulose.

Sjukdomssymptom på geit

  • Opptrer på geiter etter andre kjeing, og på geiter som er eldre
  • Snøgt vekttap, minkande buk - viktigaste symptom!
  • Kan vera allment sjuk, ikkje diaré
  • Dersom det opptrer diare, kan det vera pga årsaker som enterotoksemi og parasittar
  • Håravfall, bustet pels
  • Strekking og krøking av ryggen

Kritiske punkt ute i beitet

  • Infisert geitekadaver
  • Infisert geitemøkk
  • Tilsig av infisert møkk til drikkevatn
  • For lite beiteareal som fører til nedbeitingog risiko for å få i seg infisert møkk
  • Infisert fôravfall

Kritiske punkt inne

  • Kje går saman med vaksne dyr som skil ut bakteriar
  • Kje får ammei binge saman med smitta geiter
  • Fôring av kje med upasteurisertgeitemjølk
  • For dårlegfôring, både av vaksne geiter og av kje
  • Ein buskap med mange tynne eller magregeiter er ein risikobuskap
  • Ein buskap med kje som har for liten tilveksteller har andre sjukdommar er ein risikobuskap
  • Grovfôr hausta på grasmark gjødslamed infisert geitemøkk
  • Drikkevatn tilsøla med infisert geitemøkk
  • Fôrbrett, høy, silo og/eller rundballar tilsøla av infisert geitemøkk

Førebygging og kontroll av sjukdommen

  1. Unngå kritiske punktute og inne.
  2. Ta vekk kje med ein gong dei er fødde og hald dei i reine bingar. Bruk paratuberkulosefri råmjølkog deretter mjølkeerstatning. Gi fri tilgang på reint vatn, grovfôr og kraftfôr for rask utvikling av vomfordøyelse.
  3. Skift jordi spesielt fuktige område med mykje geitemøkk. Brakklegg beitet 1-2 år.
  4. Bruk eigne beite til kje der det ikkje har gått eldre geiter. Risikoen for smitte er størst førgeitene er 6 månader. Dette bør halde fram i 2-3 år.
  5. Sikker deponeringav infisert geitemøkk.
  6. Smittesperre/smitteslusesom fungerer begge vegar skal vera i bruk.
  7. Testbuskapen regelmessig.
  8. Slakt testpositive dyr, og gjennomfør så vask og desinfeksjon.
  9. Slakt kje etter testpositive geiter
  10. Unngå innkjøpav dyr som ikkje kjem frå sikker buskap
  11. Full sanering av buskap samt punkt 1. - 6.

Testar

1. Dyrking frå avføring
Dette tek lang tid, minst 4 månader. Prøva må handsamast spesielt før ein set den til dyrking. Det er framleis den sikraste testen, men kan ikkje påvise smitte i tidlege stadium av sjukdommen. Det er den einaste testen som kan brukast til overvaking av buskapar der kjea blir vaksinert mot paratuberkulose.

2. Testing for DNA, IS900
Dette kan gjerast på ulike typar vev. Vanlegast er det å ta ut prøver av tarmvev eller lymfeknutar etter obduksjon. Testen blir ofte nytta for å stille diagnose på dyr som er avliva eller har daua, og det er mistanke om paratuberkulose. Den kan bli nytta for å verifisere eit positivt dyrkingsresultat.

3. Blodtestar
a. Antistoff i blod
Det finst fleire typar test for påvisning av antistoff i blod og mjølk. Den testen vi bruker her i landet er ein ELISA-test. Det er ein test som kan gje snøgt svar. Den er ikkje så sikker som dyrking. Den kan ikkje brukast før det er gått fleire månader etter smitte. Den blir brukt i prosjektet Friskere geiter for overvaking av sanerte buskapar. Testen blir utført på tankmjølk.

b. Test av immunceller
Testen heiter gammainterferontest og den kan brukast på unge dyr. Denne testen er brukt i prosjektet Friskere geiter sidan 2004. Dette er for tida den viktigaste testen for kontroll og overvaking i sanerte buskapar.

Ved å følge lenka under, kan du lese mer på informasjonssidene som University of Wisconsin har laga om paratuberkulose.