Sitemap Nettstedskart Søk
Norsk English

Kort om paratuberkulose

Paratuberkulose er ein økonomisk svært viktig tapsbringande sjukdom i mange deler av verda. Årsaka til sjukdommen er ei bakterie som gir ein kronisk infeksjon i tarmen. Sjukdommen er utbreidd i geitmiljøa i Sør- og Vest-Noreg og Telemark.

I Noreg ser det ut til at storfebesetningane har svært lite paratuberkulose.

Enkelte forskningsmiljø er opptekne av ein muleg samanhang mellom Crohn's disease hos menneske og paratuberkulose hos drøvtyggarar. Det er venta aukende fokus på denne samanhangen framover. Bakteriane overlever til ein viss grad pasteurisering og det er difor viktig å halde eit lågt smittepress.

Ei inaktivert (drept) vaksine som er produsert i Spania blir brukt i enkelt område av landet. I Nord-Noreg og deler av Austlandet har ikkje vaksine vore brukt på mange år, men det er nødvendig med god kartlegging for å være sikker på status. Sannsynlegvis vil sanering være langt enklare i desse områda enn i område der paratuberkulose gjev sjukdom. Forsøk med sanering i buskapar med paratuberkulose starta i 2004.

I lenkene under kan du finne fagstoff og informasjon om paratuberkulose fra store, internasjonale kongresser om sjukdommen.