Sitemap Nettstedskart Søk
Norsk English

Parasittproblem hos geit

Sau og geit deler mange av dei same parasittane. Dei brukar ofte dei same beiteområda. Det er også ganske vanleg å halde både sau og geit på same gard. Det er då viktig å vera klar over at det er mykje som er ulikt mellom dei to dyreartane, og ein må unngå automatisk å overføre kunnskap frå sau til geit.

Samspelet mellom parasitt og vert vil hjå geit avvike frå det ein kjenner frå sauen. Geita har dårleg immunforsvar mot endoparasittar, slik at eldre dyr ofte kan ha ein større parasittbelastning enn unge dyr. Den vesle lungeormen, (Muellerius capillaris), har relativt større betydning for geita enn for sauen, mens mange vanlege tarmnematodar under våre forhold er av mindre betydning hjå geita. Geita er generelt meir mottakeleg for parasittinfeksjonar enn andre drøvtyggjarar.

Miljø, beiteforhold og beitemønster har stor betydning. Geita beiter på andre planter enn sauen, dersom den har tilgang til det. Den beiter godt over bakkenivå, noko som gjer at den er beskytta mot endoparasittar som fyrst og fremst held til på gras, og nær staden der avføringa bli liggjande. Geita ynskjer å beite i ei høgd over bakken der dei finn kvist, knoppar og bark og ferske skot. Dei vil fordøye dette betre enn sauen. Geiter tåler tannin  betre enn f eks sauen. Grunnen er m. a. ulik kvalitet og mengde av spytt. Ein kan gjerne seia at geita treng tannin og lignin som den finn i buskvegetasjonen.

Trær


Figuren viser beitepreferansane til ulike drøvtyggjarar. Geita beiter helst med god bakkeklarinb. Det betyr mykje for å redusere risikoen for smitte av endoparasittar. Illustrasjon frå "Improving Goat Production in the Tropics".

Det er svært få parasittpreparat tilgjengelege som er registrert til bruk på geit, i vårt land er det berre eitt. Dette gjer det nødvendig å bruke preparat registrert til andre matproduserande dyr. Det er ikkje unaturleg at det vil vera stor sjanse for at det kan bli gjort feil når det blir brukt på geit. Det kan også vera risiko for større restkonsentrasjonar i mjølk og kjøt enn det som er tilrådeleg, sjølv om ein fylgjer dei reglane som gjeld. Det er ofte manglande dokumentasjon og kunnskap om korleis dei ulike preparata vil fordele seg i geita, korleis konsentrasjonane i ulike kroppsvæsker og vev vil vera, og kor snøgt dei vil utskillast. Dette vil som regel avvike frå det som skjer i sauen. Generelt kan ein seia at parasittbehandling av geit krev høgare dose pr kg kroppsvekt enn det som er nødvendig ved behandling av sau. Utskillingstid og konsentrasjon f eks i mjølk vil variere betydeleg mellom ulike preparat.

I vårt land er det  svært få mjølkesauer, og det er stort sett berre geita av småfeet som produserer mjølk til konsum. Mjølkeproduksjonen set avgrensingar for parasittbehandlinga. Dette betyr også mykje for kva strategi ein vil velja for parasittkontroll.

Som for sauen, vil samspelet med ville drøvtyggjarar virke inn på parasittbelastninga. Det er  hjort, rådyr og rein som er mest aktuelle. Det blir utveksla parasittar mellom desse dyreartene.

Parasitt/vert

Det er gjort undersøkingar som viser at ved like vilkår tek geita lettare opp parasittar enn sauen. I eit parasittrikt kulturbeite, vil truleg geiter vera meir utsette for endoparasittar enn sauen.

Sauen byggjer etter kvart opp ein viss immunitet mot mange parasittar. Hjå geita derimot, vil det bli aukande utskilling av nematode-egg med alderen.

Det er individuell variasjon i korleis enkeltdyr tåler parasittbelastning. Det er undersøkingar som viser at høgtytande geiter samt fyrstegongskjearar. har størst eggutskilling. Ved behandling av ei gruppe med berre dei høgtytande og åringane fekk ein same resultat som i gruppa der ein behandla alle (Hoste H et al, 2002). Dette er kunnskap ein kan bruke for selektiv parasittbehandling.

Eit av dei største problema for geitehaldet er den vesle lungeormen. Det kan sjå ut som det er eit mindre problem der geitene ikkje har andre sjukdommar. Ei frisk geit som får nok mat og drikke, har såpass godt immunforsvar at den taklar eit visst smittepress. Det gjeld utan tvil også andre endoparasittar.

Koksidiar kan geita få ein ganske god immunitet mot. Det er størst problem i alderen 3 veker til 5 månader. Geitene må likevel stadig vera utsett for ein viss smitte for at immuniteten skal haldast ved like.

Parasitt/vert/miljø/beitetype

Drøvtyggjarar kan grupperast etter kva slags måte dei beiter på, og kva lags beiteplanter dei føretrekkjer. Dei tre hovedgruppene er kratt- og busketarar, grasetarar, og intermediære typar. Geita høyrer til den intermediære typen. Dersom den får velja mellom gras, blad, busker og kvist, vil den velja planter og plantedelar som den finn i hovudhøgde, men den et også gras, sjølv om det ikkje er fyrstevalet. Dersom geita får tilbod om eit slikt beite som den ynskjer, vil presset frå dei vanlege endoparasittane vera mindre enn for sauen. Dette samsvarar godt med ein del undersøkingar som er gjort.

Det er her i landet funne lite parasittar hos geiter som går hovudsakleg på utmarksbeite. I ei undersøking som vart gjort i Valdres og på Sunnmøre i år 2000, vart det påvist lite mage-tarmparasittar hjå alle dyr. I desse områda beiter geitene mykje i fjell og utmark. Det vart derimot påvist ein del koksidiose hos kje på innefôring utover våren, særleg der det var dårleg miljø og der dyra hadde lite plass. Dersom geitene må gå på kulturbeite store delar av beitesesongen, kan ein finne mykje parasittar.

I ein geitebuskap som praktiserte kulturbeiting vart det for nokre år sidan påvist stor grad av anthelmintikaresistens og dødsfall pga Haemoncus contortus. Men det ser hittil heldigvis ut til at dette er unntaket. Dette vil vi få belyst mykje betre når resultata av det pågåande arbeidet ved NVH i Sandnes er klare. Det går hovudsakleg ut på å ­undersøke anthelmintikaresistens hos småfeparasittar.

Ville drøvtyggjarar

Geita deler parasittar med ville drøvtyggjarar. Den viktigaste parasitten hjå oss er hjernemark,  Elaphostrongylus sp. Hjernemark er vanleg på rein i Nord-Norge og på hjort på Vestlandet. Ved angrep kan ein prøve å behandle geita, men det er viktig å starte med behandling tidleg i forløpet.

Hjernemarken er vanskeleg å kontrollera. Prinsippet er å unngå felles beiteområde med hjort og rein, samt unngå myrlendte, fuktige område der det er mykje tråkk og mykje beiting. Grunnen er at parasitten treng sniglar som mellomvert. Sjølv om sniglar også lever på tørrare område, er det naturleg å tenkje seg sat ein på slike fuktige område finn større mengder.   

Kontroll

Nedanfor er det sett opp punktvis generelle råd som kan vera til hjelp når ein ynskjer å redusere parasitt­belastninga hos geiter.

Beitebruk

  • Ved vårslepp bør ein ha mindre enn 4 veker på kulturbeite før utmarksbeiting
  • Beiterotasjon, brakkleging
  • Veksle beite. Bruke det til andre dyr annakvart år
  • Ha andre dyrerarter på same beite (Hest, storfe)
  • Beitegraset må ikkje bli for lågt, minimum to tommar
  • Tilgang på buskvegetasjon (Tannin)
  • Mineraltilskot. Hugs kopar (Cu)
  • Unngå fuktige område med avsig frå møkkakjellarar eller vassforsyning
  • Unngå myrlendte område som også blir beita av ville hjortedyr (eller tamrein)
  • Avgrense dyretalet på innmark

Hygienisk oppstalling

  • Passe på at kje får nok plass, reint underlag, rein mat og drikke
  • Sjuke kje må isolerast

Fôring og helsetilstand

  • Friske dyr som er godt fora og som er i godt hold taklar ein parasittbelastning betre enn dyr som er plaga med andre sjukdommar (eks paratuberkulose, CAE) eller er underfora.

Kliniske vurderingar

  • Fylgje med på hold, teikn på diare, farge på slimhinner
  • Ta avføringsprøver for eggtelling i beitesesongen, av 5-10 dyr

Nullbeiting

  • Forsiktig ved bruk av friskt gras som er hausta på område som tidlegare er brukt til beite. Kan dra med seg parasittar inn. Silo, høy, fullfôr er sikrare.
  • Kan vera negativt mhp koksidiose og luftvegsproblem

Avl

  • Ein kan avle på dyr med god evne til å motstå parasittangrep 

Behandling  

Parasittbehandling av geit kan by på utfordringar. Det er for tida eitt parasittmiddel registrert til bruk på geit her i landet. Det betyr at ein må ty til preparat som er registrert til andre husdyr. Her gjeld spesielle reglar, og dette må ein kontakte den lokale dyrlegen om.

Kor effektivt medikamentet virkar på parasitten, eller kor høge og langvarige restkonsentrasjonar det blir, kan det vera vanskeleg å finne ut av.

Aktuelle dyr for behandling

  • For å minske risikoen for resistensutvikling må ein vurdere om heile flokken skal behandlast eller om ein skal plukke ut enkeltdyr. Dette må også diskuterast med dyrlegen

Tidspunkt

  • Mjølkegeiter bør behandlast tidleg i sintida. Då er det lenge til mjølkelevering, og det er liten fare for restkonsentrasjonar.

Val av preparat

  • Ein må vurdere effektiviteten og mogelege restkonsentrasjonar.

Preparere dyra for behandling

  • Ta vekk kraftfôr i eitt døgn før behandling, og gi samtidig mindre grovfôr enn vanleg.

Dosering

  • Som hovudregel må ein bruke dobbel ”sauedose”. Svært viktig er det å dosere etter vekt. Overdosering er betre enn å gi for lite.
  • Eit alternativ er å behandle to gonger med 12 timars mellomrom. Ved koksidiose blir det vanlegvis brukt ”sauedose”.

Tilbakehalding av mjølk og kjøt

  • Dersom ein brukar uregistrerte preparat, må ein forsikre seg om at dei ikkje gjev for høge rest­konsentrasjonar. Det er mange preparat på marknaden, og nokon av dei gjev svært høge og langvarige restkonsentrasjonar.

Resistens mot anthelmintika

Når det blir rapportert resistens mot eit anthelmintika for fyrste gong, er det gjerne etter behandling av geit. Det blir relativt ofte rapportert om dårleg effekt av behandling (treatment failure). Det er ofte underdosering eller bruk av feil preparat som ligg til grunn for dette. Parasittbehandling av geit krev mykje kunnskap av den praktiserande veterinæren. Det er også nødvendig at bøndene blir fylgt godt opp.

Prinsipp ved parasittbehandling:

Det er i Norge berre eitt preparat som er registrert til bruk mot parasittar hos geit. Ein kan likevel bruke preparat til geit som er registrert til minst ein matproduserande dyreart.

1.      Pass på rett dosering. Bruk som hovudregel dobbel dose av det som er angitt til annan dyreart (storfe og/eller sau).

2.      Førebu dyra på parasittbehandling. Ved behandling per os bør det ikkje gjevast kraftfôr eitt døgn på forhånd. Reduser også på grovforet.

3.      Helle-på preparat må nå huda, ikkje berre fiber eller hårlag. Huda skal være relativt rein der preparatet blir applisert.

4.      Klipping er ein fordel. Å klippe ei stripe langs ryggen kan vera eit godt og raskt alternativ.

5.      Pass på at dyra ikkje slikkar parasittmiddel frå ryggen på kvarandre like etter applikasjon.

6.      Vær merksam på tilbakehaldingsfristar. Ofte 28 døgn for slakt og 7 døgn for mjølk

 

Litteratur

Bøker

Goat Medicine, 2nd Edition by Mary C. Smith and David M. Sherman (Hardcover - 2009)

Sheep and Goat Medicine by D. G. Pugh (Hardcover - 2002)

Improving Goat Production in the Tropics: A Manual for Development Workers by Christie Peacock (Paperback - Dec 1, 1996)

Artiklar

Gastro-intestinal parasitism and anthelmintic resistance in goats
McKenna PB Surveillance, N.Z. Volume 11, Issue 4, pp 2-4, Jan 1984

Elaphostrongylus (hjernemark hos hjortevilt) Kjell Handeland Seksjon for vilthelse, Veterinærinstituttet. http://www.villreinen.no/pdf/Vest-Jotunheimen.pdf

Experimental Elaphostrongylus cervi Infection in Sheep and Goats K. Handeland, L. M. Gibbons and A. Skorping J Comp Pathol. 2000 Nov;123(4):248-57.

Periparturient rise in fecal egg counts associated with prolactin concentration increase in French Alpine dairy goats. Chartier C; Hoste H; Bouquet W; Malpaux B; Pors I; Koch C

Parasitology research 1998;84(10):806-10.

Effects of the initial level of milk production and of the dietary protein intake on the course of natural nematode infection in dairy goats. Chartier C et al. Veterinary Parasitology 2000;92 (1):1-13.

Comparison of selective and systematic treatments to control nematode infection of the digestive tract in dairy goats. Hoste H, Le Frileux Y, Pommaret A. Vet Parasitol. 2002 Jul 2;106(4):345-55.

Control of gastrointestinal parasitism with nematodes in dairy goats by treating the host category at risk.  Hoste Hervé; Chartier Christophe; Le Frileux Yves Veterinary research 2002; 33 (5); 531-45.

Targeted application of anthelmintics to control trichostrongylosis in dairy goats: result from a 2-year survey in farms. Hoste H; Chartier C; et al.  Veterinary parasitology 2002; 110 (1-2); 101-8.

Effects of condensed tannins on established populations and on incoming larvae of Trichostrongylus colubriformis and Teladorsagia circumcincta in goats.  Paolini Virginie; Frayssines Audrey; De La Farge France; Dorchies Philippe; Hoste Hervé. Veterinary Research 2003;34(3):331-9.

Disposition of fenbendazole in the goat. Short CR, Barker SA, Hsieh LC, Ou SP, Davis LE, Koritz G, Neff-Davis CA, Bevill RF, Munsiff IJ, Sharma GC. Am J Vet Res. 1987 May;48(5):811-5.

Comparative pharmacokinetic disposition of closantel in sheep and goats. D. R. HENNESSY 1, N. C. SANGSTER*, J. W. STEEL 1 G. H. COLLINS* Journal of Veterinary Pharmacology and Therapeutics Volume 16 Issue 3, Pages 254 - 260

Eprinomectin in dairy goats: dose influence on plasma levels and excretion in milk.
Dupuy J; Chartier C; Sutra J F; Alvinerie M. Parasitology research 2001;87(4):294-8.

Licking behaviour and environmental contamination arising from pour-on ivermectin for cattle. Laffont C M; Alvinerie M; Bousquet-Mélou A; Toutain P L. International journal for parasitology 2001;31(14):1687-92.

Friskare geiter. Undersøking av sjukdom hjå geit i to praksisområde. Gunnar Valdal og Nils Leine. Husdyrsforsøksmøtet 2002 (221-224)