Sitemap Nettstedskart Søk
Norsk English

Parasittar på geit

”Parasittisme (parasitt) er en organisme (snylter) som lever på eller i en annen organisme (vert) og som får sin næring uten å nødvendigvis å hindre vertens normale liv, i stor grad, selv om døden ofte er sluttresultatet.” (Wikipedia)

Geiter er utsett for to hovudgrupper av parasittar. Ektoparasittar, lever utanpå dyret (verten), som f.eks. midd, loppe, lus, flått og fluer. Endoparasittar lever inne i dyret, som f. eks. rundorm og bendelorm.

Ektoparasittar - hudparasittar

Ektoparasittar er midd, lus, lopper, flått og fluer

Lus

Dei mest vanlege hudparasittane på geit her i landet er lus, blodlus og pelslus. Dei kan opptre i store mengder og fører til stygg pels, hudirritasjonar, kløe og almen påkjenning.

Dei fullfører heile livssylus på dyret. Egga klekker i løpet av 5 -18 dagar og utvikling til dei er kjønnsmoden tek 2-3 veker

Blodsugande lus (Linognatus sp)

lus2  Lus 1  Lus 2
Blodlusa held seg under bogen og på brystet. Den syg seg fast i huda og lever av blod. Kan ofte vera vanskeleg å oppdage, og ein finn den ofte ikkje før dyret er svekka av anemi. Av og til kan dyret stryke med av blodlusangrep.

Pelslus (Damalinia sp)

Lus 3Pelslusa finn ein på geit lettast i manken. Den lever av hud- og håravfall og gjev til vanleg ikkje så alvorlege symptom som blodlusa.

Behandling

Det er same behandling for begge desse lusetypane. Geita må klyppast og deretter behandlast med eit hell-på preparat.

Førebygging

Ta ikkje inn livdyr utan å vera sikker på at dei ikkje har lus. Klypp geitene ved innsett. Unngå at geitene står tett saman i mørke, fuktige husdyrrom og bingar.

Skabb-Fotskabb

Geit kan bli infiserte med fleire ulike middartar, men det er desse fire som er dei mest vanlege:

  • Geitas hårsekkmidd (Demodex caprae)
  • Fotskabbmidd (Chorioptes bovis)
  • Skabbmidd (Sarcoptes scabiei)
  • Øyremidd (Psoroptes cuniculi)

Du kan lese mer om midd hos geit her.

midd

Fra venstre til høgre: hårsekkmidd, (Demodex caprae), skabbmidd (Sarcoptes scabiei), øyremidd (Pso­roptes cuniculi), og fotskabbmidd (Chorioptes bovis). Foto frå: S.J. Upton, Kansas State University and Thomas Nolan, University of Pennsylvania.

Det er frå tid til anna tilfelle av infeksjon med hårsekkmidd og fotskabbmidd i Noreg. Forekomsten av dei to andre middane er ikkje like godt kjent.

Hårsekkmidden vandrar ned i hårsekkane og det vil oppstå hevelse eller knutar i huda, gjerne på sidene av dyret.

Ein grundig gjennomgang av eit tilfelle i Noreg i 1999 finn du her: Demodex caprae påvist hos geit i Noreg.

Fotskabb har blitt meir vanleg dei siste åra, særleg hos mohairgeit/angorageit. Det utviklar seg skorper og sår, gjerne lengst nede på beina, og dei kan spreie eg oppover, og hos bukken kan pungen bli affisert. Desse såra kan vera grobotn for sekundære bakterieinfeksjonar og dei er plagsame for geita, men det ser ikkje ut til at korkje denne tilstanden eller infeksjon med hårsekkmidden gjev særleg mykje kløe. Det kan vera vanskeleg å finne midden ved hudskrap.

Behandling og førebygging

Det er særleg fotskabb som det er vanskeleg å behandle. Sebacil er prøvd med godt resultat. Det er ikkje registrert til geit, så det må brukast forsiktig.

Elles er Eprinexbehandling aktuelt. Bruk dobbel kudose. Kontroller vekta!
I tillegg til parasittbehandling kan ein smørje inn beina med ei seig olje eller liniment som visstnok skal drepa ein del midd.
Gjenta behandling etter 14 dagar. Ein evt 3. behandling kan også vera aktuell

Kan oppstå bakteriell infeksjon under behandling.
Midden kan leva opptil ein månad utanfor verten. Så det er nødvendig med eit par reine oppstallingsområde der dei kan vera lenge. Dyrerommet må reingjerast grundig etter behandling og når det er blitt tomt for dyr. La det stå tomt i minst tre veker

Bland ikkje nyinnkjøpte og eigne dyr før ein har kontrollert dei for skabbmidd.

Kontroller  mineralfôringa, særleg viktig er at Ca/P forholdet held seg nær 2/1.

Fluer

Fluelarveangrep, eller Myiasis externa, som er vanleg på sau, er ikkje rapportert på geit her i landet. Du kan lese mer om dette hos Wikipedia: Myiasis (sauesjukdom)

Flått

FlåttHer i landet har vi ein flåttart, skogflått eller Ixodes ricinus. Les mer om flått her: Fakta om flått.

Flåtten er ikkje farleg i seg sjølv, men den har med seg ulike sjukdommar. Sjodogg, som er forårsaka av Anaplasma phagocytophilum (tidlegare heitte den Erlichia phagocytophilum), er den mest vanlege flåttbårne sjukdommen på sau og geit hjå oss. Den gjev høg feber, leukopeni og svekka almentilstand. I etterkant av sjukdommen kan det oppstå Akutt pasteurellose og andre septikemiske tilstandar. Akutt pasteurellose er ein sjukdom som også kan angripe lungene, den er svært akutt og lungene kan bli sterkt skadde på kort tid. Det resulterer ofte i dødsfall.

Det vart påvist Louping ill både på sau og geit i Sunnhordland på 80-talet. Det er ein virussjukdom som angrip nervesystemet.

Unge geiter og geiter som er i kontakt med flåtten for fyrste gong er mest utsette for sjukdom. Les meir om flått og flåttbårne sjukdommar her: Snorre har skrive ein artikkel om anaplasmose. Link til denne

Førebygging

Det er vanskeleg å førebyggja flåttangrep. Flåtten blir spreidd med hjort og andre ville drøv­tyggarar, og den trivst i fuktig buskvegetasjon langs kysten og så langt innover i landet som temperaturen og fuktighet tillet.

Forsøksvis kan ein nytte hell-på preparat. Dette må ein gjera fleire gonger i beitesesongen eller når risikoen for flåttangrep er stor. Det er viktig å diskutere slike opplegg med den lokale veterinæren.

Sjå også: Ektoparasittar på web - USA

Endoparasittar – innvortes parasittar

Dei innvortes parasittane deler ein inn i eincella og fleircella parasittar. Dei viktigaste eincella parasittane er koksidiar, og dei viktigaste fleircella er lungeorm og den store løpeormen.

Eincella parasittar

Kryptosporidiar, koksidiar, Toxoplasma og Giardia er aktuelle parasittar på geit. Her blir omtala kryptosporidiose, koksidiose og toxoplasmose.

Kryptosporidiose

Kryptosporidiar er eincella parasittar og dei kan gi diaré hos dyr og menneske. Enkelte kryptosporidieartar frå dyr kan gi sjukdom hos menneske, den viktigste er Cryptosporidium parvum. Kryptosporidiar kan spreiast direkte mellom menneske, frå dyr til menneske, eller via vasskjelder som er blitt ureina med gjødsel eller kloakk. På Veterinærinstituttet sine nettsider kan du lese mer om Kryptosporidiar.

Kryptosporidier
Oocyster av kryptosporidiar, farga med Auramin fluoreserande farge.

I andre land er kryptosporidiar ofte årsak til diare hjå nyfødde kje. Dette er i mange tilfelle buskapsproblem som det kan vera vanskeleg å få bukt med. I Noreg kjenner vi ikkje til kor utbreidd sjukdommen er, men vi må rekne med at den finst også her.

Det kan vera vanskeleg å stille rett diagnose, men undersøking av avføringsprøver er nødvendig for diagnostisering. Ein kan få eit bilde av situasjonen med eit utstryk av avføring på eit vanleg objektglas. Oocystene kan likne på gjærceller, så ein bør sende inn prøver til eit laboratorium for sikker diagnose. Det er også vanskeleg å behandle sjukdommen. Førebygging er viktigast, og streng hygiene er eit viktig krav i så måte.

Koksidiose

Koksidiose er forårsaka av ein eincella parasitt av slekta Eimeria. Tidlegare trudde ein at  dei same Eimeria-artane kunne smitte både sau og geit, men det er i nyare tid gjennomført eksperiment som viser at desse to dyreartane har sine eigne vertsspesifikke parasittar.

Det er mange Eimeria-arter og Eimeria ninakoholyakimovae  (liknar Eimeria ovoidalis i sau) og Eimeria christenseni er to av dei mest patogene for geit. Men også E. arloingi og E. caprina er relativt patogene.

Under våre forhold vil ein oftast sjå koksidiose på 3-4 månader gamle kje som framleis står inne. Det er ikkje vanleg med koksidiose på beite, men det kan førekoma. Det kan også førekoma der geitene blir fora ute, f eks med rundball, og der kjea har fri tilgang til å hoppe opp i foret og ureine det med avføring.

Det ytrar seg som regel med nedsett tilvekst og seig samanhangande avføring. Avføring frå ei frisk geit skal vera som faste perler. I alvorlege tilfelle har ein sett at store delar av kjeflokken er blitt akutt sjuk med mange dødsfall. Thiaminmangel eller Cerebrocortical nekrose (CCN )er også sett i samanhang med subklinisk koksidiose.

For å stille diagnose må ein vurdere sjukehistorie, kliniske symptom og obduksjonsfunn. Det er mange andre tilstandar som kan likne koksidiose hjå små kje. Det kan f eks vera feil fôring, pulpanyre, og koliinfeksjon. Desse tilstandane er ofte meir sannsynlege årsaker når kjea får diare og blir sjuke. På eldre dyr må ein vurdere innvollsorm, men også f eks pulpanyre.
For å stille ei sikker diagnose treng ein svar frå eit laboratorium på kva for Eimeria-art kjea er infisert med.

Behandling kan gå greitt, men ein må passe på at doseringa er rett. Det er for tida to preparat som kan brukast. Kontakt veterinær.

Toxoplasmose

ToxoplasmaToxoplasma er årsak til abort, dødfødsel og svake avkom på geit. Dette er ein parasitt som har like stor betydning for sau, og den kan også smitte til menneske. Sjukdommen kan altså vera ein zoonose, og det betyr at ved alle tilfelle av kasting skal ein passe svært godt på at ein har god hygiene.

Figuren til venstre viser livssyklus til T. gondii med hovedvekt på menneske og geit som potensielle mellomverter. Parasitten har tre infeksiøse stadier. Seksuell formering finner kun sted hos kattedyr. Det dannes da oocyster som skilles ut i feces. Tachyzoittene formeres aseksuelt i mellomvertens celler. De er relativt følsomme for miljøpåvirkninger og representerer derfor først og fremst en smittefare fra mor til foster. Parasittens hvilefase er bradyzoitter i vevscystene, som kan være smitteførende via kjøtt.

Det er katten som er hovudvert. Når katten har gjennomgått infeksjon, blir det danna antistoff mot parasitten, og difor kan det vera lurt å ha vaksne, tidlegare infiserte kattar i fjøset. Etter ein infeksjon blir også mellomvertar som sau og geit immune. Dette er grunnen til at det nyleg er blitt gjennomført forsøk med vaksine mot toxoplasmose i Rogaland. I utlandet er bruk av vaksine meir vanleg, utan at ein kan seia at effekten er 100 % effektiv.

Du kan lese mer om parasitten i mastergradsarbeidet til Marit Stormoen, et sammendrag finner du her: Toxoplasma gondii i norske melkegeiter.

Fleircella parasittar

Fordøyingsorgan-  og lungeparasittar

Lungeorm Muellerius capillaris – den vesle lungeormen

Det er to typer lungeorm som kan vera aktuelle på geit hos oss, Muellerius capillaris og Dictiocaulus filaria. Påvisining av D. filaria er ikkje gjort på svært mange år. Så det er i praksis berre M. capillaris som er aktuell.

mcsyklus Muellerius
På bilda over kan ein frå venstre sjå eit diagram over livssyklusen til M. capillaris. Så ser ein eit bilde av M. capillaris frå ei avføringsprøve av geit. Foto: Nils Leine. 

wormknots Lungesnitt
Bildet til venstre viser ei lunge fullsett med lungeormknutar, dei viser seg som leverfarga eller raude flekker på lungeoverflata. Heilt til høgre er eit mikrosnitt frå ei slik lunge. der ein ser lungeorm inne i lungevevet, samt betennelsesceller rundt. Foto: Nils Leine.

Den vesle lungeormen finn ein over heile landet. Dei viktigaste hovudvertane er geit, sau og rein. Det er geita som har dei største problema med denne parasitten. Truleg er bortimot alle geiter smitta. Det går likevel ganske bra med dyra dersom dei elles er i bra form og immunforsvaret er i orden. Mykje verre er det dersom dei i utgangspunktet er svekka av annan sjukdom, og spesielt av luftvegssjukdommar. Då kan ein infeksjon med M. capillaris vera svært alvorleg.

Smitten er på beite. Grunnen er at ormen treng ein snigl som mellomvert. Det er ulike snigleartar som kan vera aktuelle. Snigelen tek geita inn med beitegraset. Det tek ca 30 dagar frå dyret er smitta til det er utvikla vaksne ormar. Ein kan då få tungpusta dyr med ein del hoste. I verste fall kan det utvikle seg til akutt lungebetennelse. Men dette er ikkje det vanlege. Oftast merker ein ikkje lungeormangrepet.

Optimal behandling er like før beiteslepp for å unngå å spreie smitte til sniglane i beitet. Deretter kan ei behandling tidleg på hausten vera aktuell, særleg på kje.

Tarm
Figuren viser at dei ulike parasittane er tilpassa ulike avsnitt av formagar, løpe og tarm, samt lunger. Dei vil kunne gje ulike symptom, som nedsatt trivnad, dårleg tilvekst, anemi eller blodmangel, (blodig) diaré.

Oversikt over dei viktigaste parasittane som høyrer til fordøyelsesorgana finn ein i tabellen nedanfor.

Dei viktigaste fleircella endoparasittane hjå geit i Norge:

Tabell parasitt

Løpen

Den farlegaste innvollsparasitten på småfe er Haemonchus contortus, eller den store løpeormen. Som namnet syner, lever den i løpen og ved alvorlege angrep kan heile magesekken vera dekka av ormen. Den syg blod, og geiter som er angripne kan vise meir og mindre teikn på anemi. Den vil også skilje ut svært store mengder egg, og dersom ein på eggtelling finn høge tal, kan det vera ein indikasjon på H. contortus. Det er påvist benzimidazol-resistente H. contortus i Noreg. Då kan ein får sjuke geiter og endåtil dødsfall, trass i at ein behandlar regelmessig med ormemiddel. Sjå etter anemi, og få obdusert geita så snøgt som råd er etter at den er daud. Då kan ein finne ormen mens den enno heng fast i løpeveggen.

Det er to andre løpeormar  som også kan forekoma, Teladorsagia circumcincta og Trichostrongylus axei. Den siste er i det siste ikkje påvist hos oss, så frekvensen er låg.

Tynntarmen

I tynntarmen finn ein både bendelorm og rundorm. Dei fleste er ikkje svært patogene, med unntak av rundormen Nematodirus battus. Denne kan gje akutt diare om våren. Det kan forvekslast med koksidiose, så gjennomfør eggtelling!

Bendelorm er til vanleg ikkje særleg patogene. Det må store mengder orm til, og dersom ein finn berre nokre få bendelormledd i avføringa, er det truleg ikkje noko problem. Den vanlegaste arten er Moniezia expansa.

Tjukktarmen

Chabertia ovina finn ein ofte i moderate mengder, men den er sjeldan av klinisk betydning. Likevel blir det av og til rapportert om utbrot, og gjerne på geit som går mykje på innmarksbeite. Der kan det skje oppformeiring av alle slags innvollsorm. Når dette skjer, er det problematisk å gjera noko utan at ein skifter beite

Lever

Det blir sjeldan rapportert om leverikter på geit. Det er to arter, Fasciola hepatica (den store leverikten) og Dicrocoelium dendriticum (den vesle leverikten). Den store leverikten lever i og nær fuktige sumpområde. Hos oss er sniglen Lymnaea truncatula mellomvert. Geit beiter sjeldan på slike stader, og det er ikkje vanleg med påvisning av den store leverikten på geit. Noko oftare kan ein finne den vesle leverikten. Dette er tilfeldige slakthusfunn, og ein manglar oversikt over kor vanleg den er. Begge fører til kassasjon av lever. Den store leverikten kan føre til anemi, på same måten som den store løpeormen, Haemonchus contortus.

Endetarmen og tjukktarmen

Geit har også ein parasitt som lever i endetarm og tjukktarm, Skrjabinema ovis. Når ormen skal leggje egg, kryp den ut gjennom anus og egg blir lagt i huda rundt anus. Geitene kan klø seg på bakparten, og det ser ubehageleg ut, men det går ikkje ut over allmentilstanden. Kan vera vanskeleg å bli kvitt, då behandling berre har kortvarig virkning.

Litteratur:

Goat Medicine, 2nd Edition by Mary C. Smith and David M. Sherman (Hardcover – 2009)

Pathologie caprine, du diagnostic à la prévention, Christophe Chartier – 2009

PARASITTER HOS GEIT. Bjørn Gjerde og Oddvar Helle 2. utgåve 1997

PARASITTER HOS SAU. Bjørn Gjerde 2. utgåve 1997