Sitemap Nettstedskart Søk
Norsk English

Demodex caprae påvist hos geit i Noreg

Artikkelen under er fra Norsk veterinærtidsskrift 1999; 111: 549-552. Hos fem geiter i ein flokk på 70 i Troms blei det funne mellom 40 og 150 knutar i huda med diameter frå 2 til 6 mm. Eit par knutar blei også påviste hos to geiter som stod ved Noregs veterinærhøgskole i Oslo. Nærare undersøking viste at knutane skuldast infeksjon med hårsekkmidden Demodex caprae. Dette er dei første dokumenterte tilfella av demodikose hos geit i Noreg.

Innleiing

Midd i slekta Demodex (Klasse: Arachnida. Orden: Prostigmata) er vertsspesifikke hudparasittar som lever i hårfolliklane og feittkjertlane hos menneske og ulike pattedyr (1). Utviklinga blir gjennomført på 3-4 veker, og omfattar egg, eitt larvestadium, to nymfestadium og vaksne hannar og hoer. Hos geit kjenner ein berre til éi art, Demodex caprae (1-3). Dei fleste infeksjonar med denne arta synest å vera subkliniske, men hos somme geiter kan det bli ein sterk oppvekst av midden i enkelte hårfolliklar, slik at det oppstår faste knutar i huda med diameter frå 2 til 20 millimeter (3-9). Det kan vera frå eit par til over hundre knutar hos slike dyr. Knutane kan sitja enkeltvis langt frå kvarandre, eller fleire tett saman i grupper (5-7). Knutane finst særleg i ansiktet og på halsen, bogen, lateralt på brystet og i flanken, men hos sterkt affiserte geiter kan dei finnast over det meste av kroppen (3-9).

Tilstanden minner mykje om den nodulære forma av demodikose hos storfe (10). Hos geit er knutar andre stader enn i ansiktet vanskelege å oppdaga visuelt på grunn av det lange hårlaget. Dei fleste rapporterte tilfella av nodulær demodikose hos geit har blitt oppdaga anten etter klipping eller grundig palpasjon av dyra (4-9). Enkelte av knutane i huda har opning til overflata, slik at innhaldet kan klemmast ut, medan andre berre kan tømast etter at det er snitta inn på dei. Knutane inneheld ein gulgrå, osteliknande masse, som ved mikroskopi viser seg å vera samansett av store mengder hårsekkmidd på ulike utviklingsstadium og restar av daud midd (4-9).

Demodex caprae skal finnast hos geit over heile verda (3), men så langt vi kjenner til, er denne arta ikkje tidlegare sikkert påvist i Noreg. Nærland (11) skriv rett nok at: "Hårsekkmit (Demodex) fig. 8 er ei mikroskopisk lita (0,25 mm), langstrekt og mest fotlaus mit-art som etter L. Slagsvold kan hopa seg opp i hårsekker på geit, mest på halsen og etter ryggen, og laga opp til ertstore knytar i skinnet - ‘blærer’ - i geitskinna som set ned verdet på dei. Er oftast å sjå på skinn fra gamle geiter, og lettast å sjå frå narvsida". Men det er uråd å avgjera om Nærland her refererer til norske eller utanlandske geiter. Det tilhøyrande biletet av ein Demodex-midd (fig. 8, s. 18) er lånt frå ei amerikansk bok om parasittar, og viser ein midd frå storfe. I det fylgjande kan vi dokumentera at Demodex caprae finst hos geit her i landet, og kan føra til nodulær demodikose.

Kasusomtale

Flokk A

Flokk A var ein flokk på om lag 70 geiter i Gratangen kommune i Troms. Geitene kjea i månadsskiftet januar-februar. Ved klipping i midten av november 1998 la eigaren merke til at somme av geitene hadde fleire knutar i huda. Veterinær (H. Kalstad) blei tilkalla, og undersøkte geitene den 20.11.98. Fem drektige geiter hadde då knutar. Allmenntilstanden til desse geitene var god, og det var ingen kløe. Knutane var spreidde over det meste av kroppen, med unntak av ansiktet, distalt på beina og under buken. Tre av geitene hadde kvar 100-150 knutar med diameter 2-4 mm. Mange av desse knutane hadde opning til overflata. Innhaldet i knutane var tjuktflytande, gulgrått og voksliknande. Dei to andre affiserte geitene hadde kvar 40-50 knutar med diameter 4-6 mm. Dei fleste av desse knutane hadde ikkje synleg opning til overflata. Frå ein av knutane blei det teke biopsi, som blei sendt til Veterinærinstituttet Harstad for nærare undersøking.

fig1 Demodex

Figur 1. Geit i flokk A med utprega nodulær demodikose på grunn av infeksjon med Demodex caprae. Lateralt på kroppen og øvst på beina er det talrike knutar i huda med diameter opptil 10 mm. Geita blei klipt før fotografering. (Foto: H. Kalstad).

I histologiske snitt av biopsiprøven blei det påvist hårsekkmidd. Seksjon for parasittologi, Noregs veterinærhøgskole (NVH) blei då kontakta, og det blei avtala å senda inn ferskt materiale frå knutane for nærare identifikasjon av midden. Den 21.12.98 blei ferskt materiale klemt ut frå eit par knutar hos tre av geitene i flokken.

Dei geitene som hadde knutar, blei den 28.12.98 behandla langsetter ryggen med flumethrin (Bayticol vet.â liniment) i doseringa 2 mg/kg kroppsvekt. Same behandling blei også gjeve den 5.1.99. Den 21.2.99 blei geitene undersøkte på nytt. Talet på knutar og storleiken av dei var som før behandlinga. Innhaldet i eit par knutar blei klemt ut og sendt inn til NVH for nærare undersøking for hårsekkmidd.

Den 21.4.99 blei geitene undersøkte nok ein gong. Den eine av dei to geitene som hadde hatt dei største knutane tidlegare, hadde blitt sendt til slakt, medan den andre no hadde fått større og meir markerte knutar, med diameter på opptil 10 mm (Fig. 1). Innhaldet i knutane var som før. Hos dei tre andre geitene, som hadde hatt små knutar tidlegare, var talet på knutar no tydeleg redusert. Mange av knutane hos desse dyra hadde tørka inn og etterlate seg små skorper på huda.

Flokk B

Flokk B omfatta 40 drektige geiter som stod oppstalla ved NVH i samband med eit reproduksjonsforsøk. Etter at hårsekkmiddinfeksjon hadde blitt påvist i Flokk A, blei 10 av geitene i denne flokken undersøkte for knutar i huda ved palpasjon den 21.12.98. Hos to av desse geitene blei det funne knutar. Den eine hadde ein 2-3 mm stor knute fremst på halsen, medan ei anna geit hadde ein liknande knute på brystet like bak olbogen. Knutane blei punkterte med skalpellblad, og innhaldet blei pressa ut og samla opp for mikroskopisk undersøking.

Laboratorieundersøkingar

Små porsjonar av ferskt materiale frå knutane blei rørt ut i ein dråpe glycerin på eit objektglas. Eit dekkglas blei lagt over, og preparatet blei undersøkt med mikroskop. Storleiken av egg og vaksen midd blei målt ved hjelp av eit kalibrert okular skrumikrometer. Det blei differensiert mellom hannar og hoer i enkelte preparat. Mikrofoto blei tekne ved hjelp av Leica MPS 60 fotoautomat.

Laboratoriefunn

Materialet frå hudknutane hos geitene i flokk A (Fig. 2) og B inneheldt store mengder av hårsekkmidd på ulike stadium av utviklinga frå egg til vaksen midd (Fig. 3).

fig2

Figur 2. Pastaliknande materiale klemt ut frå to knutar i huda til ei geit i flokk A med nodulær demodikose etter infeksjon med Demodex caprae. '5 (Foto: B. Gjerde).

fig3 Demodex

Figur 3. Mikrofoto av innhaldet i ein hudknute hos geit. Vi ser fleire intakte Demodex caprae saman med restar av daud midd og tomme huder. '150 (Foto: B. Gjerde).

I tillegg var det rikeleg med restar av daud midd og tomme huder etter hudskifta. Dei aller fleste av dei vaksne middane var hoer (Fig. 4).

fig4 Demodex

Figur 4. Ventralsida av ein vaksen homidd av Demodex caprae frå geit. ´ 300. (Foto: B. Gjerde).

Ved kjønnsdifferensiering av 200 tilfeldig utvalde middar frå dei tre geitene i flokk A, var 197 (98,5%) hoer og berre 3 (1,5%) hannar. Homiddane var 220-250 m m lange, i gjennomsnitt 235 m m (n=15), og om lag 60 m m breie ved beinpara. Den einaste hannen som blei målt, var 210 m m lang. Egga var ovale og 60-80 x 35-40 m m store (Fig. 5).

fig5 Demodex

Figur 5. Egg av Demodex caprae frå geit. Ei larve er i ferd med å utvikla seg inni egget. ´ 300. (Foto: B. Gjerde).

På grunnlag av vert og morfologien til egg og vaksne hannar og hoer, blei parasitten identifisert som arta Demodex caprae.

Det materialet som blei klemt ut av knutane hos geitene i flokk A vel seks veker etter avslutta behandling med flumethrin, inneheldt normale stadium av hårsekkmidd frå egg til vaksne.

Diskusjon

Dei kliniske funna i dei to geiteflokkane er heilt i samsvar med tidlegare rapportar frå andre land om demodikose hos geit (3-9). Det var såleis store individuelle variasjonar i førekomsten av knutar i huda. Dei fleste geitene i begge flokkane hadde ingen knutar i det heile, somme geiter hadde eit par små knutar (flokk B), medan enkelte geiter hadde mange og velutvikla knutar (flokk A). Ein trur at dei fleste geiter blir smitta av Demodex caprae i ung alder, men at fleirtalet av desse ikkje utviklar kliniske symptom, av di dei greier å halda populasjonen av hårsekkmidd på eit lågt nivå (3). Hos slike geiter finst Demodex caprae særleg i augnelokka. Hos geiter med nedsett immunforsvar, anten på grunn av medfødde manglar, feil- eller underernæring, eller stress, vil det derimot kunna bli ein oppvekst av hårsekkmidden lokalt eller generelt, slik at det oppstår ein eller fleire knutar i huda av varierande storleik.

Den påviste hårsekkmidden blei identifisert som arta Demodex caprae på grunnlag av artskriteria hos Nutting (1) og omtale og illustrasjonar av denne arta hos andre forfattarar (2, 4-7). Dette er den einaste arta som hittil er funnen hos geit, men ein kan likevel ikkje sjå bort frå at geit kan vera vert for fleire Demodex-arter, slik som til dømes storfe (2). Ein kan difor ikkje utan vidare slå fast at funn av håsekkmidd hos geit er det same som funn av Demodex caprae.

I dette materialet blei det påvist ei stor overvekt av homidd samanlikna med hannmidd. Tilsvarande funn er også rapportert tidlegare (7).

Påvisinga av nodulær demodikose i flokk A førte til at ein del tilfeldig utvalde geiter i ein annan flokk også blei undersøkte. Funnet av knutar som inneheldt Demodex caprae hos to av desse geitene, kan tyda på at nodulær demodikose er ein relativt vanleg tilstand hos geit her i landet.

To gongers påhellingsbehandling med pyrethroidet flumetrin såg ikkje ut til å ha nokon effekt på Demodex caprae. Vel seks veker etter behandlinga var såleis knutane uendra, og dei inneheldt framleis normale og reproduserande midd. Tidlegare er det rapportert om manglande effekt av påhellingsbehandling med pyrethroida deltametrin og tetrametrin (12). Dei same forfattarane (12) fann også at badebehandling med amitraz 7 gonger med 10 dagars mellomrom hadde liten effekt mot nodulær demodikose hos geit. Thomson og MacKenzie (9) fann at behandling med rotenon, anten lokalt på utklemte knutar, eller i form av vask av heile dyret, førte til at knutane gjekk tilbake. På grunn av at knutane vil kunna bli tilbakedanna spontant etter nokre veker eller månader, er effekt av behandling vanskeleg å dokumentera. Hos lakterande geit vil ein også måtta ta omsyn til eventuell tilbakehaldingstid for mjølka ved behandling. Det kan også diskuterast om det er naudsynt å behandla, dersom geitene ikkje synest å vera plaga av infeksjonen. Er det berre nokre få knutar hos eit par av geitene i ein flokk, kan det vera tilstrekkeleg å klemma ut innhaldet i knutane, eventuelt etter oppsnitting først, og deretter behandla dei tømde knutane med jodoppløysing eller tilsvarande (3).

(Copyright: Fig. 1: H. Kalstad; Fig. 2-5: B. Gjerde)

Referansar

  1. Nutting WB. Hair follicle mites (Demodex spp.) of medical and veterinary concern. Cornell Vet 1976; 66: 214-31.
  2. Rommel M, Bürger H-J, Kutzer E. Parasitosen der Wiederkäuer. I: Eckert J, Kutzer E, Rommel M, Bürger H-J, Körting W, red. Veterinärmedizinische Parasitologie. 4. Aufl., Berlin : Verlag Paul Parey, 1992; 108-362.
  3. Smith MC, Sherman DM. Goat medicine. Philadelphia : Lea & Febiger, 1994.
  4. Cram EB. Demodectic mange of the goat in the United States. J Am Vet Med Assoc 1925; 66: 475-80.
  5. Durant AJ. Demodectic mange of the milk goat. Vet Med 1944; 39: 268-70.
  6. Griffin CA, Dean DJ. Demodectic mange in goats. Cornell Vet 1944; 34: 308-11.
  7. Williams JF, Williams CSF. Demodicosis in dairy goats. J Am Vet Med Assoc 1982; 180: 168-9.
  8. Smith HJ. Demodicidosis in a flock of goats. Can Vet J 1961; 2: 231-3.
  9. Thomson JR, MacKenzie CP. Demodectic mange in goats. Vet Rec 1982; 111: 185.
  10. Gjerde B. Hårsekkmidd, Demodex bovis, hos storfe i Noreg. Nor Vet Tidsskr 1996; 108: 387-90.
  11. Nærland G. Om snyltarplaga hos småfe. Oslo : Norsk Sau- og Geitalslag, 1950.
  12. Fleischer P, Lukesova D, Skrivanek M, Hofirek B, Stursa I. First cases of caprine demodectic mange in the Czech Republic. Vet Med (Praha) 1996; 41: 289-93.

Summary

NODULAR DEMODICOSIS IN NORWEGIAN GOATS CAUSED BY DEMODEX CAPRAE

In a herd in Northern Norway, 5 out of 70 goats were found to have multiple skin nodules, ranging from 2 to 6 mm in diameter. A few small nodules were also found on 2 goats in an experimental flock in Southern Norway. The nodules were found to be caused by the hair follicle mite Demodex caprae. This is the first record of caprine demodicosis in Norway.