Sitemap Nettstedskart Søk
Norsk English

Sjukdommar i fordøyelsessystemet hos geit

Geita er ein drøvtyggjar. Fordøyelsen er i prinsippet lik dei andre drøvtyggjarane, som f eks ku og sau. Men det er også ein del funksjonar som er ulikt desse to dyreartane. Det er viktig å vera klar dette over når ein skal planleggje beite og fôring for geita.

Anatomisk, fysiologisk og atferdsmessig er dei to artane ulik kvarandre.

Anatomiske forskjellar:

Overleppen til geita er ikkje delt (philtrum) som på sau. Tunga er kortare og glattare enn på ku. Smaksløkane til geita er slik at dei tåler bitter smak betre enn sau og storfe. Nokon av spyttkjertlane er meir oppdelt enn på sau og ku og samansettinga av spyttet er også ulikt. Tarmen er kortare og bladmagen mindre.

Fysiologiske forskjellar:

Spyttet inneheld meir mucin. Ved same type fôring vil geita skilje ut mykje meir spytt enn sauen (120ml/t). Sagt på ein annan måte betyr det at spyttkjertlane kan produsere større mengder spytt. Transporten av fôret gjennom tarmkanalen går snøggare hjå geita enn sauen. Trevlehaldig fôr vil bli verande lengre tid i vomma på sau enn på geit. Det gjer at sauen kan fordøye den betre, men det betyr også at geita treng større mengder av slikt fôr for å oppnå den same stabiliserande effekten for fordøyelsen. Geita har fast, perleforma avføring. Grunnen er at tjukktarmen er meir effektiv til å suge opp vatn enn den er hjå f eks storfe og sau.

Tolking av funn ved undersøking av avføring hjå geit:

Type avføring Årsak
Fast perleforma Normalt
Seig eller flytande Fôringsmessig feil mest vanleg
Mørk, hard, småperler Dehydrering
Dekt med slim Dehydrering, forstoppelse
Blodtilblanda, laus Pulpanyre eller enterotoksemi
Tilblanda med ufordøyde planterestar og korn Overfôring 

 

Måtar å beite på

Den heile overleppen og kortare og glattare tunga som geita har, gjer at den ikkje samlar langt gras slik kua gjer det og heller ikkje beiter lågt ned på bakken og plukkar kort gras slik sauen gjer det.  Derimot ynskjer den å eta kvister, knoppar, høge og bladrike planter og lauv. Den får i seg maten ved hjelp av dei kraftige leppene og tennene. Dei kan eta fleire slag planter enn sau og storfe, det gjeld spesielt planter med bitter smak, og planter med mykje tannin. Den likar å klatre, og nokon geiter held til oppe i tre i lange periodar og finn maten sin der (Argantreet i Marokko).

Nytt bilde (6)      

Geita likar å ha stort område å beite på, og kan gå fleire kilometer kvar dag. Dette blir på engelsk kalla browsing. Vi seier at geita er ein busk-etar. Den er likevel ikkje rein busk-etar, som elgen, eller giraffen. Den er ein intermediær type som også kan eta gras om det trengst.

Kjea går ikkje saman med mor si heile dagen, om dei blir fødde ute på beite. Dei blir plasserte på ein stad, dei trykkjer, til mora kjem tilbake dit når ho har vore på beiterunden sin. Søya, derimot, har med seg lamma heile tida.

Sjukdommar

Den store skilnaden det er på fordøyelsen til geita, i motsetnad til sau og storfe, gjer at fôringa lett kan bli feil, særleg dersom ein nyttar same fôringsopplegget til fleire dyrearter på garden. Fôret ein gjev geitene er av største betydning for geita sin helsetilstanden. Det er også viktig korleis ein gjev fôret: kor ofte, kvar gjev ein det, er det bra nok eteplass til alle dyra, osv.

Vatn er like viktig. Det skal vera reint, det skal vera lett tilgjengeleg for alle dyr, heilt frå dei er nyfødde.

Sjukdom oppstår særleg om grovfôret er av dårleg kvalitet, f eks som mugg eller urein silo. Men dersom grovfôret er av særs god kvalitet, men inneheld for lite fiber eller manglar viktige mineral som f eks kopar eller selen, kan det også oppstå sjukdom.

Fôringsbetinga sjukdommar utgjer ein stor del av sjukdomsstatistikken på geit. I Frankrike reknar dei med at 50 % av alle geitene som kjem til obduksjon har ein eller annan form for metabolsk eller ernæringsmessig sjukdom, og 30 % av alle obduksjonane er pulpanyre eller enterotoksemi.

Fôringsbetinga sjukdom

Det er to sjukdommar som ofte blir nemnt i samband med fôringsfeil på geit. Det er sur indigestion eller sur vom, og pulpanyresjuke eller enterotoksemi. Her vil ein ikkje skilje mellom desse sjukdommane då dei ofte har same bakgrunn og også er vanskeleg å skilje klinisk. Difor blir berre pulpanyresjuke omtala, men hugs at sur vom ofte vil ytre seg likt.

Viktige og vanlege fôrskifte:

  1. Overgang frå innefôring til beite om våren
  2. Overgang frå utmarksbeite til  å beite innmark/håbeite om hausten
  3. Overgang frå beite til innefôring om hausten
  4. Skifte av kraftfôrtype
  5. Endring i kraftfôrmengder

Pulpanyrsjuke – enterotoksemi

Sjukdommen er oftast ei fylgje av brå forandringar i fôring, eller overfôring med karbohydrat over kortare eller lengre tid.

Den direkte årsaka til sjukdommen er eit giftstoff  (toksin) som blir laga av bakterien Clostridium perfringens type D. Sjukdomsutviklinga er ulik hjå sau og geit. Hos geit vil toksinet føre til forandringar i tarmen som gjer at gifta lett kjem over i blodet og det vil øydeleggja tarmslimhinna og gje kraftig betennelse i både tynntarm og tjukktarm. Det vil hos geit også føre til skade av visse nerver som gjer at dyret kan bli paretisk eller lamma. Av andre skader kan ein nemne lungeødem og nyreskade. Funn av glukose i urinen kan vera eit teikn på enterotoksemi.

Det er tre former for sjukdom, perakutt, akutt og kronisk.

Perakutt enterotoksemi: opptrer helst hjå yngre dyr, eller store kje. Ein finn dei døde utan noko symptom, og det treng heller ikkje vera ei forhistorie som tyder på enterotoksemi..

Akutt enterotoksemi: er den vanlegaste forma. Den opptrer i alle aldersgrupper og ytrar seg med feber, og diaré. Geita kan vera nedstemt og slapp. Utan behandling vil den krepere i løpet av 1-3 dagar.

Kronisk enterotoksemi: kan halde seg i buskapen i fleire veker, vanlegvis hjå eldre dyr. Det kan vera vekslande med diaré og normal avføring. Mjølkeproduksjonen går ned og dei vil gradvis gå ned i vekt. Denne forma er vanskeleg å diagnostisere, og kan likne på paratuberkulose, parasittsjukdom og andre sjukdommar som gjev kronisk vekttap.

Kvifor det blir ein oppvekst av denne bakterien

Cl perfringens type D finn ein normalt i tarmen i små mengder. Ved fôring som er tilpassa geita, vil sukkeret bli nedbrote til flyktige feittsyrer i vomma og det er ikkje muleg for bakterien å formeire seg snøgt. Dersom det blir tilført meir stivelse eller lettfordøyeleg karbohydrat, kjem noko av dette vidare ufordøya over til løpe og tarm, og mengda av desse karbohydrata (sukkeret) vil avgjere kor gode vekstvilkår bakterien får. Bakterien formeirar seg svært raskt, og når den får nok næring vil det bli ein nærast eksplosjonsaktig oppvekst, med fylgjande giftproduksjon og skade i tarm og andre kroppsvev.

Ein viktig effekt av for mykje karbohydrat er auka mjølkesyreproduksjon i vomma. pH i vomma går ned, den normale vomfloraen døyr, og pH-senkinga ”lammar” tarmsystemet.

Behandling

Antibiotika kan brukast, og det er nødvendig å koma raskt til med behandling, då sjukdommen utviklar seg raskt. Effekten kan vera svært varierande, avhengig av kor alvorleg situasjonen er. Like viktig er det å legge om fôringa. Ta vekk alt kraftfôr til situasjonen er under kontroll. Bruk helst høy som grovfôr. Kvist og fiberhaldige planter kan vera med på å stabilisere vomfunksjonen.

Kontroll og førebygging

Det viktigaste tiltaket for å førebyggja enterotoksemi er å gi geitene ein variert kost, med tilstrekkeleg fiberinnhald og unngå å gi for store porsjonar kraftfôr. Dette gjeld dyr i alle aldersgrupper.

Det er sjølvsagt mange måtar å få til dette på, og mange har funne fram til gode praktiske løysingar. Det er viktig at desse løysingane blir gjort kjent i geitemiljøet.

Vaksine

Ingen vaksiner er hjå oss registrert til bruk på geit. Det kunne vera ynskjeleg med vaksiner tilpassa geit, og det finst vaksiner i utlandet som skal vera betre enn dei vi må bruke her i landet. For tida er det i Noreg to vaksiner mot enterotoksemi som er registrert til bruk på sau og storfe. Dei heiter Covexin 8 ® og Tribovax ®. Begge inneheld mange ulike antigen. Dette er ikkje gunstig når dei blir brukt på geit. Geita svarar dårleg med antistoffproduksjon, og antistoffa blir borte etter kort tid. Vaksinane må likevel brukast, og det kan vera nødvendig med revaksinering frå 2 – 4 gonger i året. Doseringa skal vera som for sau. Vaksinane vil ofte gje ein lokal vevsreaksjon, noko som kan forvekslast med byllesjukeabscessar. Men vaksine-abscessar vil vanlegvis ikkje koma i lymfeknutane. Dersom ein held seg til same injeksjonsstaden, skal ein kunne unngå å forveksle dei to tilstandane. Under skinnet bak bogen kan vera ein god stad å injisere vaksinen.

Andre aktuelle tarmsjukdommar

Det er sjølvsagt mange sjukdommar som kan føre med seg diaré og avmagring. Det kan vera smittsame sjukdommar, forgiftingar og andre fôringsfeil.

Smittsame sjukdommar som er aktuelle hos oss, kan vera paratuberkulose, salmonellose, yersiniose og parasittsjukdommar. I tillegg må ein aldri gløyme at det kan koma inn smittsame sjukdommar frå utlandet. Den mest aktuelle er blåtunge. Denne virus-sjukdommen vil fyrst og fremst gje symptom frå nase og munn, slik som Munn og klauvsjuke, men diaré kan også vera eit symptom. Paratuberkulose gjev vanlegvis ikkje diaré på geit. I sluttstadiet kan likevel også den sjukdommen vera årsak til diaré.

Paratuberkulose er omtala her

Fôringsmåtar for å førebyggja mage-/tarmproblem:

  • Grovfôret skal fôrast minst tre til fire gonger pr. dag.
  • Fôrbrettet må reinskast for fôrrestar og nytt, friskt fôr køyrast inn. 15-20 % fôrrestar som må ut er til vanleg ein god regel.
  • Gi ein allsidig fôrrasjon, både surfôr og høy.
  • Kraftfôret skal delast opp i små porsjonar. Store mengder kraftfôr om gongen vil gi pH-svingningar i vomma og resultere i for surt vom-miljø. Det øydelegg mikrofloraen og reduserer grovfôropptaket. Ein bør ikkje gi meir enn 2 hg kraftfôr pr. gong. Velg kraftfôrtypar ut frå grovfôrkvalitet og kraftfôrtypar som er særskilt utvikla for geit. Kraftfôr med høgt innhald av lett nedbrytbare karbohydratar (stivelse og sukker) aukar sjansen for stor pH-senking i vomma og uheldig vommiljø. Gi geitene tilgang til fiberhaldig materiale; greiner, trestammar, flis, busker. 
  • La geitene gå ute så lenge dei kan utover hausten; for å få mosjon og for å gjere seg nytte av dei tilgjengelege plantevekstane.
  • Men sørg samstundes for god fôring inne. Denne skal tilfredsstille næringstrongen til mjølkeproduksjon og reproduksjon. I tillegg til dette er det også eit stort behov for næring til tilvekst hos geiter som enno ikkje er utvaksne.
  • La geitene beite om natta i sommarhalvåret. Geiter som står inne om natta må få rikeleg med grovfôr om kvelden. Dette aukar fôropptaket. Dei må også ha fri tilgang til reint vatn.

Kje  

Sjukdommar i mage/tarm er av dei viktigaste dødsårsakene på kje. Sjølv om det ikkje endar med døden, vil slike sjukdommar i spedyrperioden svært ofte føre til eit varig svekka individ. Tilveksten blir sett betydeleg ned, og seinare i livet kan produksjonen bli sterkt redusert i forhold til potensialet.

Mage-/tarmsjukommar hjå kje kan ha ulike årsaker. Desse er opplista i tabellen nedanfor.

Mest vanlege årsaker til diaré hos unge geiter:

  Fødsel til 1 mnd  1 -3 mnd  > 3 mnd 
1 E.coli Feil fôring Feil fôring 
2 Feil fôring Koksidiose Klostridiar
3  Kryptosporidium  Klostridiar Koksidiar
4  Klostridiar    
5 Rotavirus el. andre virus    

 

Som ein ser er det forskjellige årsaker til mageproblem etter kvart som kjea blir eldre. Felles for desse tilstandane er symptoma. Det viktigaste symptomet er sjølvsagt diaré. Deretter fylgjer nedsett allmenntilstand, dårleg evne til å ta opp mat og drikke, dehydrering og til slutt kan dei krepere.

Escherichia coli er ein tarmbakterie som er normalt i tarmen. Av og til vil den kunne vera årsak til diaré. Det er mange ulike variantar av bakterien. Fire typar er vurdert som meir farlege enn andre. Det er Enteropatogene E.coli (EPEC), Enterotoxigene E. coli (ETEC), Enterohaemoragiske E. coli (EHEC) og Nekrotoksinogene E. coli (NTEC). Vi kan ofte lesa om desse variantane i media, som årsak til sjukdom hos barn. Det er gjort mange undersøkingar for å finne ut om dei er farlege for kje. Konklusjonen så langt er at desse bakterievariantane finst hjå kje, men er ikkje meir sjukdomsframkallande enn andre E. coli-stammer.

Andre sjukdomsagens kan også vera med å på å framkalle diare på nyfødde kje. Særleg er parasitten Cryptosporidium parvum aktuell, saman med Giardia duodenalis. Men også virus (rotavirus, coronavirus, adenovirus, herpesvirus) er med på lista.

Det er ikkje lett, eller kanskje umuleg, å fastslå den direkte årsaka til diaré på nyfødde. Det er ofte ein kombinasjon av ulike faktorar. Viktigaste enkeltfaktor for å få utvikla mage-/tarmbetennelse er for lite råmjølk innan 15 timar! Deretter vil dårleg hygiene og problem med mjølkefôringa vera viktige årsaker.

Tabellen over viser også at det er mange årsaker, men ein vil uansett årsak måtte handtere sjukdommen nokolunde likt.

Kjea blir sjuke etter få timar til nokre få dagar. Gulaktig diaré er viktigaste symptom og det nyfødde dyret blir raskt dehydrert. Det startar ofte på kje som blir fødde litt ute i kjeings­sesongen, når det tek til å bli trongare i bingane og hygienen i bingane tek til å skrante.

Rask behandling er nødvendig, og antibiotika og væsketilførsel er det aktuelt å bruke i akutte tilfelle. Det er også svært viktig å isolere sjuke kje, og å reingjera og desinfisera oppstallings­plassen.

Førebyggjande tiltak

Viktigast er å førebyggje sjukdommen, då den ofte er så akutt at ein ikkje får behandla i tide.

  1. Nok råmjølk av god kvalitet innan 15 timar etter fødsel
  2. Sikre god, jamn mjølkefôring
  3. God hygiene på oppstallingsplassen
  4. Rett temperatur og god lufting

Behov for råmjølk:

Vekt til kjeet Fyrste fôring Innan 15 timar
3 kg 150-200 ml  600 ml
4 kg 200-300 ml 850 ml
5 kg 250-400 ml 1,1 liter

 

NB! Rett fôring og oppstalling av kje er det viktigaste enkelttiltaket for å hindra diaré på kje.

Les mer om stell og fôring av kje her.

Andre tiltak

Prøvetaking av kje med diaré er kan vera lurt. Det ein særleg bør sjå etter er kryptosporidiar på nyfødde kje. På litt eldre kje er også koksidiar viktige. Ein kan aldri heilt sjå bort frå salmonella eller andre smittsame tarmbakteriar, sjølv om det ikkje er vanleg under våre forhold.

Legg elles merke til opplysningane i tabellen nedanfor.

Kliniske funn til hjelp for diagnostikk ved tarmsjukdommar hos nyfødde kje

Smittestoff Alder Kliniske funn/andre forhold
E.coli, colibacillose Før 5 dagar  Feber, svak, liggjande, spyttflod, blodforgiftning 
Clostridium, blodig diaré Før 3 veker Gråsvart diaré, buksmerter, plutselege dødsfall
Salmonella Alle aldrar Feber, apati, brå dødsfall, septikemi
Rotavirus Fyrste veke Spontan bedring etter nokre dagar
Cryptosporidium 5 dagar til 3 veker Illeluktande, gulaktig, laus avføring, anorexi, variabel alvorligheitsgrad

 

Differensialdiagnoser ved diaré hos geit

Årsak Andre kliniske teikn Makroskopiske forandringar Bekrefting av diagnose Merknad 
Parasittær gastroenteritt Vekttap og nedgang i produksjon. Vekslande med diaré og nedsett almentilstand. Forandringar i løpen. Vanskelig å finna parasitten. (Med unntak av Haemonchus) Eggtelling og larvekultur. Analysere beiterisiko: Årstid, driftsopplegg, stell av beite, parasittmiddel-resistens mv.
Fôringsmessig årsak Ingen alvorlege - Forhistorie (anamnese), analysere fôrrasjonen. Ferskt gras, brått fôrskifte.
Koksidiose Brå dødsfall er muleg. Tarmbetennelse, som kan vera blodig og med stuvning, kvite punkt i tarmen. Telling av oocyster i avføring. Unge dyr mindre enn 6 mnd, stress, hygiene.
Enterotoksemi/ pulpanyre Svært tyntflytande diaré. Stor dødelighet. Betennelse i tynntarm, tjukktarm, blindtarm, samt lungeødem.  Store mengder clostridiar og påvisning av toksin. Undersøk fôret: balanse, overgang (sukker i urin).
Paratuberkulose Kronisk avmagring. Diaré kan forekoma i siste stadium ellers normal avføring. Forstørra lymfeknutar med forosting og kalknedslag, fortjukka slimhinnevegg. Utstryk frå lymfeknutar og mukose, serologi. Vanlegvis dyr som er eldre enn 2 år.
Giftige planter Oppkast (rhododendron) Nervøse symptom (buksbom) Gråsvart diaré og hemoglobinuri (eikenøtter) Mørk urin og rosa mjølk (kvikksølv). Uspesifikk mage/ tarmbetennelse, nyreskader (eikenøtter). Undersøke vominnhaldet. Anamnese, sesong.
Forgiftning med organofosfat Intens spyttflod, krampar, skjelvingar. Ingen spesifikke. Funn av organofosfat i kroppsvev, vominnhald eller i fôrrasjon. Behandla frø, plantesanitære produkt, overdosering, behandling av lokalitet.

 

Litteratur:

Goat Medicine, 2nd Edition by Mary C. Smith and David M. Sherman (Hardcover – 2009)

Pathologie caprine, du diagnostic à la prévention, Christophe Chartier – 2009