Sitemap Nettstedskart Søk
Norsk English

Luftvegssjukdommar hos geit

Luftvegssjukdommar har vore ein viktig faktor i geitehaldet. Problema varierer frå akutte dødsfall til lett naseflod med sporadisk hoste. Etter smittesanering er problemet ofte sterkt redusert, men risikoen for at geitene får luftvegsinfeksjonar vil alltid vera der. Det kan vera eit buskapsproblem som varer i år etter år, eller det kan vera eit stort problem i kortare periodar.

Det er tre viktige symptom: Naseutflod, hoste og unormal pust. Dei direkte årsakene til luftvegsproblem er summerte i denne tabellen:

Dei viktigaste årsakene til sjukdommar i luftvegane hjå geit

Bakteriar Pasteurella (Mannheimia), mykoplasma, Corynebakterium pseudotuberkulosis, Streptokokkar
Virus CAEvirus, andre virus: P13, RSV, Adenovirus
Parasittar Lungeorm, hovudsakleg Muellerius capillaris 
Mekaniske/fysiske årsaker Byllar, svulstar, framandlekamar, irriterande gassar, dårleg luftkvalitet

 

Sjølv om det kan bli påvist ei spesifikk årsak til eit luftvegsproblem som f eks ei bakterie, kan problemet likevel vera multifaktorielt (mange faktorar som verkar saman), dette er det vanlege. For å skaffe seg best mogeleg bakgrunn for å gjennomføre tiltak, er det er difor alltid nødvendig å sjå på heile situasjonen i buskapen.

Viktige spørsmål:

  1. Kva dyr er smitta – alder – berre i ein binge eller i mange bingar?
  2. Kor mange dyr er sjuke og er dei blitt sjuke på same tid?
  3. Er det nyleg innkjøpt dyr?
  4. Er dyra på beite?
  5. Er det gjennomført andre behandlingsopplegg i det siste?
  6. Kor stort romvolum er det i fjøset?
  7. Kor tett står dyra?
  8. Korleis fungerer ventilasjonen?
  9. Korleis er tilgangen på mat og drikke?
  10. Er det godt reinhald og god hygiene?
  11. Kva med temperatur, luftfukt og irriterande gassar?
  12. Held fjøsmiljøet seg innanfor tilrådde normer?

Symptom

Luftv 2 copy
Sjølv om litt snørr er eit lite symptom, kan det vera ein indikasjon på alvorleg luftveisliding. Foto: Nils Leine

Kje kan ha symptom på luftvegsinfeksjonar frå svært ung alder. Dei kan ta til å hoste, få naseflod og bli akutt sjuke, og døy berre nokre få dagar eller veker gamle. Årsaka til dette er ikkje alltid kjent.

Når kjea blir 2-3 månader gamle, kan det på nytt opptre alvorlege tilstandar, med snørring, hoste og almen påkjenning. Når kjea kjem ut på beite, kan det same skje, og det er ofte behov for intensiv antibiotikabehandling.

Ein anna tilstand kan ein sjå på litt eldre kje, 4-6 mnd gamle. Då kan det, i tillegg til dei vanlege symptoma med snørring, nysing og hoste, opptre nasebløding. Dette er symptom på nysesjuke. Dette er ein smittsam sjukdom med nedbryting av indre nasebein. Det kan føre til at kjeet kan få skeiv nase.

Ein månad etter beiteslepp kan kjea ta til å hoste pga at dei har fått i seg lungeorm. Den vesle lungeormen som er mest vanleg hjå oss, smittar på beite, og difor kjem symptoma litt ute i beitesesongen. Dette er avhengig av klima og vêrtilhøve. Problemet er størst i varmt og fuktig ver.

I buskapar som har CAE, vil luftvegsproblema bli forsterka med alderen på dyra. CAE-viruset fører til forandringar i lungene, dette fører til nedsett motstandskraft mot både andre smittesoff og mot påverknad av dårleg luftkvalitet. Eldre dyr kan difor ofte ha unormal pust og dei kan ha problem med å fylgje flokken ute på beite.

Av og til skjer det at heile flokken tek til å hoste. Det tek til hjå eitt eller nokre få dyr og vil spreie seg til dei fleste etter kvart. Det kan opplevast som tørr hoste utan naseflod. Almentilstanden er sjeldan påverka og dyra oppfører seg som vanleg. Årsaka kan vera mykoplasma. Dette smittar mellom sau og geit. Hosten kan vare i 3-4 månader, men vil etter kvart gå over av seg sjølv, utan behandling.

I område med skogflått og der sjodogg er vanleg, kan akutt pasteurellose opptre. Dette er ein svært akutt sjukdom, med høg feber, og endar ofte med dødsfall.

Luftv 4 copy
Ei rekkje med stygge geitelunger som viser at her har buskapen eit problem med luftvegsinfeksjonar. Foto: Nils Leine

Andre sjukdommar med liknande symptom

  1. Anemi, ribbeinsbrudd og blødningar – rask respirasjon
  2. Mjølkefeber – hoste, munn- og naseutflod
  3. Forgiftningar – rask respirasjon
  4. Trommesjuke – tung og anstrengt pust
  5. Svulstar og byllar – tung og anstrengt pust

Som tidlegare kan geitene få problem med pusten når blir gamle. Dei kan etter kvart utvikle kronisk hoste, med meir eller mindre snørring. Ein merkar dette særleg dersom dyra blir utsette for stress, eller må gå eller springe snøgt. Dette vil vera resultatet av påverknad frå fleire ulike smitteagens som feks ulike virus, også CAE, skadar i lungene pga lungeorm, dårleg innemiljø, og til slutt kan det utvikle seg ein bakterieinfeksjon med Pasteurella (Mannheimia) hemolytica.

Behandling

Ein behandlar luftvegsinfeksjonar med antibiotika. Dyrlegen skal kontaktast, og det er dyrlegen som må bestemme behandlingsopplegget.

Dersom sjukdom oppstår på beite om sommaren eller hausten, bør det takast avføringsprøver for å sjå etter lungeormlarver. Lungeorm behandlar ein med ormemiddel, men val av preparat, dosering og måten å gjera det på, må dyrlegen informere om. Alle preparata er reseptpliktige. Dette vil bli omtala meir i kapittelet om parasittsjukdommar.

Retningsliner for eit godt innemiljø

Temperatur

6 - 27oC, optimal: 10 - 18oC.
Kje skal ha høgare temperatur enn vaksne

Fuktigheit 60 - 80%
Gasskonsentrasjon Ammoniakk: <10 ppm (NH3)
Karbondioksid: <3000 ppm (CO2)
Hydrogensulfid: <0,5 ppm (H2S)
Ventilering

Vinter: 30 m3/time/geit
Sommar: 120 - 150 m3/time/geit

Max. luftstrøm Vaksne: 0,5 m/s
Kje: 0,2 m/s
Plassering av vifte Vifte bør plasserast i tak, men hugs på store nok luftinntak.
Reinhald av ventilasjonsanlegg Hyppig reinhald av vifte og luftinntak er viktig.
Lys Vindusareal min 1/20 av golvflate (5 %)
Lys i fjøset: 200 lux
Dyr som treng spesielt tilsyn: 200 - 300 lux
Mjølkestall: 300 lux
Nattlys: 5 lux
Bingeareal 1,0 - 1,5 m2/vaksen geit. Kjem an på hvor store dei er.
0,3 m2/lite kje. 0,6 m2/større kje
Krybbeplass 0,4 m
Golvareal totalt 2 - 2,4 m2/geit inkludert gangareal
Drikkekar/niplar Minst 2 pr binge á 15 dyr

Førebyggjande tiltak

Luftvegssjukdommar skuldast i hovudsak to forhold, infeksjonar og dårleg miljø.

Ein førebyggjer sjukdom ved å:

  • unngå smitte
  • utrydde smitte som har etablert seg i buskapen 
  • ved å styrke immunforsvaret
  • gjera miljøet best mogleg

Unngå smitte

Prinsippa for smitteførebygging gjeld for alle smittsame sjukdommar.

  • Kjøp ikkje inn livdyr. Det viktigaste punktet er å unngå å føre inn nye dyr i buskapen. Dersom ein likevel ynskjer å ta inn dyr, må ein forsikre seg om at dyret kjem frå ein frisk buskap. I tillegg må ein alltid setja dyret i midlertidig karantene i 3-4 veker. Dette er viktig for å sikre seg at det ikkje har med seg sjukdom, men også for at det skal få ein mjuk overgang til det nye miljøet.
  • Avgrens persontrafikk. Ved besøk (det gjeld alt frå veterinær, rådgjevar, mjølkebilsjåfør til slekt og vener) skal ein bruke smittesluse der den besøkjande skifter til overtrekksklær og -sko som høyrer til i buskapen.

Fjern smitte

Smittesanering: Smittesanering mot CAE-virus har vist seg å vera svært nyttig, også for å bli kvitt luftvegs­infeksjonar i geitebuskapar. Erfaring ein har frå «Friskere geiter» tilseier at ein kan bruke dei same prinsippa ved sanering for andre sjukdommar også.

Gjer dyra sterke
Styrking av immunforsvaret skjer når dyra får

  1. rikeleg med god råmjølk dei fyrste 15 timane
  2. god og allsidig fôring og nok reint vatn
  3. vaksine?

og det skjer når

  1. ein unngår andre smittsame sjukdommar
  2. dyra får opphalde seg i eit godt fysisk miljø

Styrk immunforsvaret

  • Rikeleg tilgang på god råmjølk dei fyrste 15 timane etter fødsel
  • Godt tilpassa fôring med rikeleg med mat og tilgang på reint vatn frå fyrste dag
  • Passe mange dyr i bingen og i fjøset. Det må ikkje vera overfylt med dyr!

Bruk av vaksine

Det er ikkje i Noreg tilgjengeleg spesiell vaksine til geit mot pasteurellose (oftast forårsaka av bakterien Mannheimia hemolytica). Den vaksinen som blir brukt på sau er utvikla frå bakterietypar som ein finn hjå storfe og sau. Den er ikkje registrert til bruk på geit. Den inneheld svært mange ulike antigen. Det er nokon som meiner at ein ikkje må tilføre for mange antigen til geit på ein gong. Geita klarer ikkje å produsere nok antistoff mot kvart enkelt antigen når det blir for mange antigen å svare på samtidig. Til geit er det heller ikkje bra å bruke kombinert vaksine som inneheld antigen mot både Clostridiar og Mannheimia. Likevel er vaksinen i bruk mange stader, og det blir av og til rapportert om gode resultat. Dersom denne vaksinen skal brukast, må dyreeigar informerast om risikoen.

Miljøtiltak

Tiltak for kje

Luftv 1 copy
Kjea skal ha lun liggeplass med tilgang på frisk luft, fri tilgang på reint vatn og mat. Foto: Nils Leine

  • La kjea vekse opp i eigne rom avskilt frå dei vaksne, med god tilgang på mat og frisk luft. Trekk må ein for all del unngå.
  • Underlaget/golvet skal vera reint.
  • Reguler temperaturen i forhold til alderen. Den skal reduserast gradvis etter kvart som vomfunksjonen utviklar seg. Då vil varmeproduksjonen i dyret auke etter kvart.
  • Skil ulike aldersgrupper av kje
  • Sjuke kje må isolerast
  • Kje som veks sakte skal ikkje blandast saman med yngre kje på same storleik.

Tiltak for alle geitene

Luftv 3 copy
Stort romvolum er nødvendig for optimal luftkvalitet. Foto: Nils Leine

  • Lag stressfrie fjøs
  • Skaff dyra frisk luft, og unngå trekk frå dører, vindaugo og luftinntak
  • God nok plass i bingen
  • Fjøset skal vera fritt for irriterande gassar og støv
  • Det skal vera tilgang på sjukebinge, som også kan brukast som midlertidig oppstalling ved innkjøp av dyr.

Litteratur:

Goat Medicine, 2nd Edition by Mary C. Smith and David M. Sherman (Hardcover – 2009)

Pathologie caprine, du diagnostic à la prévention, Christophe Chartier – 2009

Andre kjelder:

Helseprogram for mjølkegeit