Sitemap Nettstedskart Søk
Norsk English

Byllesjuke hos geit

Årsaka til byllesjuke er bakterien Corynebacterium pseudotuberculosis eller ovis. Bakterien vart fyrst påvist i 1894 frå same sjukdommen på sau. Den er eit av dei største problema for geitehaldet i bl a USA. Den er påvist i 19 av 36 undersøkte flokkar i Nord Noreg, men den er også utbreidd over resten av landet. Ein finn han mest hjå eldre dyr.

Byllesjuke er ein kronisk, snikande sjukdom hos både sau og geit. Den er karakterisert ved at det kjem byller, også kalt abscessar, i lymfeknutane. Sjukdommen blir også kalla kaseøs lymfadenitt og pseudotuberkulose.

Symptom

Bakterien blir spreidd med lymfen, og det blir danna abscessar i lymfeknutane. Pusset er gulgrønt, pastøst, men kan også vera tyntflytande og vassaktig. Geita kan også ha byllar i indre organ, f eks lever, lunger eller tarmlymfeknutar. Dette kan føra til at funksjonen til desse organa blir nedsett, og geita kan bli svekka.

Frå dyra blir smitta til det oppstår byllar kan det gå ca. 95 dagar. Frå åpne byllar blir det skilt ut bakteriar i rundt 20 dagar. 

Undersøkingar tyder på at bakterien kan overleva i lengre tid i puss i jord (angitt opptil 8 månader), og på strå eller høy i opptil 2 månader. 

Smittevegar

Dyra kan bli smitta gjennom skrubbsår i huda. Bakterien kan også gå gjennom intakt hud. Smittekjelda er:

  • sprekte abscessari overflatiske lymfeknutar
  • naseflod
  • slim frå munnen til dyr som har lungeabscessar

Klipping av dyr kan vera årsak til smittespreiing. Ellers kan også utøybad være ei smittekjelde. Men det at geitene oftast har abscessar rundt hals og nakke kan tyde på at den viktigaste smittevegen går gjennom munnen.

I flokkar som har hatt byllesjuke i fleire år, vil dei fleste dyra bli smitta det første leveåret. I ein infisert besetning vil mellom 10-40% av dyra over eitt år ha overflatiske byllar. Antistoff i råmjølka kan ha betydning for å verna kjea den fyrste levetida. Det kan gå fleire månader frå smitten kjem inn i besetningen til sjukdommen bryt ut.

Diagnose og behandling

Diagnosen blir stilt på grunnlag av kliniske symptom og bakteriedyrking. I tillegg er det muleg å undersøkja blodserum. Den metoden som i dag brukes til å lete etter smittestoff i norske geitebesetninger er å undersøke for antistoffer i blod. Andre bakterier som f.eks. Actinomyces pyogenes og Staphylococcus aureus og Streptokokkar er også årsak til abscessar hos geit.

Under praktiske forhold er det lite aktuelt å behandle dyra, unntatt når byllane sit i svelget og dyret har pusteproblem. I slike tilfelle er behandlinga kirurgisk med spalting av byllane.

Bakterien er følsam for fleire antibiotika som ampicillin, kloramfenikol, tetracycliner, sulfa-trimethoprim og penicillin G, men er resistent mot streptomycin. På grunn av innkapsla abscessar og intracellulære bakteriar er det vanskeleg å få til ei effektiv behandling. Når infeksjonen fyrst er komen inn i flokken, er den vanskeleg å bli kvitt.

Redusere smittepress

Ein kan gjera ein del ting for å redusera smittepresset i buskapen. 

  • Spalta byllane før dei sprekk, slik at pusset kan samlast opp og ikkje spreiast rundt i bingen. Ein må vera forsiktig, for C. pseudotuberculosis kan smitta til menneske. Bruk hanskar.
  • Isoleringav geita til såret etter byllen er grodd.
  • Utsjaltingav kronisk infiserte dyr
  • Ta vekk kjea frå dei vaksne og gje dei råmjølk frå friske dyr. La dei veksa opp i eit reint område. Dette er gjort i forsøk her i landet med godt resultat.

Det har vore prøvd med vaksinering i Noreg. Vaksinasjonane reduserte førekomsten av overflatiske byllar med vel 40%, men effekten av vaksinen vart ikkje funnen god nok til at den kunne bli anbefalt i norske geitebesetningar. Ei kanadisk vaksine blir brukt der og i USA.